Hopp til hovedinnholdet →

Forside

Slett SUM-appen

Du vil ikkje få varsling om tømming av avfallet ditt før eit stykke ut i 2024.

Dessverre er appen ute av drift og den kjem ikkje til å fungere igjen. Vi ber derfor om at kundane våre slettar den frå mobilane sine, seier Bodil Øvretveit, som er konstituert dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk.

 Det var to flinke ungdommar som laga appen i si tid. No har dei andre ting å drive med, og vi får derfor ikkje vidareutvikla appen.

Vi veit at den har vore nyttig for mange for å hugse å sette fram dunken i ein travel kvardag. Appen fungerte godt lenge, men slutta å virke då vi innførte sortering for matavfall i januar i år.  

Betring i sikte

Den gode nyheita er at vi jobbar med både ny nettside og ein varslingsfunksjon for tømming av avfall.

No i haust fekk vi endeleg ein kommunikasjonsrådgjevar hos oss. Ho jobbar med å få på plass akkurat dette. Vi skulle helst hatt alt klart for lenge sidan, men har venta på å få inn nokon i kommunikasjonsrolla for å drive prosjektet. Sidan vi er ein offentleg aktør tek det også tid med slike prosessar. Vi ber derfor folk om å smøre seg med tålmod, seie Øvretveit.

Last ned renovasjonskalendar

Mens vi ventar på ny funksjonell varslingsløysing, kan de legge inn påminnelse i kalendaren din på telefonen. Då vil tømminga legge seg inn i kalendaren din og varsle deg klokka 19. 00 dagen før tømming.

Dette er ikkje ei optimal løysing, men det fungerer medan vi ventar på noko betre, seier Øvretveit.

Sjå framgangsmåte for å laste ned renovasjonskalendar

No startar vi utkøyring av nye plastsekkar

Frå måndag 9. oktober og utover skal vi levere plastsekkar heim til deg. Det einaste du må hugse på er å sette ut dunken din.

Tidlegare har vi delt ut på tømmedagen for plast og papir, men i år har vi med oss rullane på alle rutene. Altså legg vi plastrullar på både blå, grøn og svart dunk. Dette er for å gjere prosessen meir effektiv, og sikre at du skal få nye sekkar så fort som mogleg. (For ja, vi er seint ute, og det beklagar vi).

Hjelp! Eg er på haustferie

Då skal du senke skuldrane og kose deg i ferien. Dersom du ikkje er heime og kan sette ut dunken din, får du plastrullen levert i ei av dei påfølgande vekene. Du må berre hugse å sette ut dunken din på ein tømmedag i nærmaste framtid.

Det er også mogleg å hente ut ny rull med sekkar i lokala våre i Elvegården (3. etg) i Førde sentrum.

 

For deg som bur i Naustdal

I januar blei det innført fleksibel gebyrmodell på postnummer 6817. Det vil seie at du betaler for kor mange gonger du tømmer matavfall og restavfall. Med andre ord: dei som er flinke til å sortere, betalar mindre.

Dersom du ikkje har behov for å få tømt matavfallsdunken din eller restavfall dei kommande vekene, kan du sette fram papirdunken for å få nye plastsekkar. NB: papirdunken vert ikkje tømt.

 

Ingen ekstra kostnad

Alle husstandar i dekningsområdet vårt har plastrullar inkludert i årsgebyret sitt. Kor mange avhenger av kor stor dunk kvar enkelt har.

  • 140 l papirdunk – 1 rull (12 sekkar)  

  • 240 l papirdunk – 2 rullar (24 sekkar)

  • 660 l papirdunk – 5 rullar (60 sekkar)

 

Merk deg at vi berre hentar plastsekkar som er utlevert av SUM. Dersom du har samla plast i ein anna sekk, må du flytte innhaldet over i ein SUM-sekk.

Rein plastemballasje er viktig

Mykje av plastemballasjen er rein nok når den er tom. Plast frå ein salamipakke treng du ikkje å skylje sjølv om den fortsatt er litt feittete. Ketsjupflasker, yoghurtbeger og liknande bør du skylje i kaldt vatn før du kastar den i returplasten. Miljøgevinsten forsvinn dersom alle brukar varmt vatn for å skylje vekk mat- og andre restar frå emballasjen. Ein god regel er at plasten bør vere rein nok til at den ikkje begynner å lukte vondt.

 

Les meir om gjenvinning av plastemballasje på sortere.no

Feilsortert batteri kan skape brann

Kvar einaste dag opplever avfalls- gjenvinningsbransjen tilløp til brann. Nesten 80 prosent av brannane på gjenvinningsanlegg med kjent årsak skuldast feilsorterte batteri (Norsk Industri)

Dei fleste av oss er flinke til å sortere batteri. Heile 80 prosent av oss seie at vi gjer det. Det er veldig bra, samtidig er det forsatt fleire millionar batteri som blir kasta feil. Enten det er batteriet frå fjernkontrollen som blir kasta i restavfallet, eller det spelande bursdagskortet som blir kasta i papiret, utan å ta ut batteriet som har feira med sang. Då kan det oppstå brann heime hos deg sjølv, i renovasjonsbilen eller på gjenvinningsstasjonen.

Kva bør eg gjere?

Heime hos deg sjølv kan det vere lurt å ha ein fast plass der du samlar batteri. Det kan vere eit tomt syltetøyglass eller ein liten boks. Eit godt tips er å ha ein rull med teip ståande ved sidan av. For polane skal nemleg teipast, for å vere heilt trygg på at batteria ikkje skal ta fyr.

Kva gjer eg med brukte batteri?

Du kan levere inn brukte batteri alle plassar du får kjøpt batteri. Det er faktisk lovpålagt. Det er heilt gratis å levere inn brukte batteri.

Kva skjer med innleverte batteri?

Batteria blir frakta til sorteringsanlegg. Der blir dei kvalitetssikra og sortert etter korleis batteria er bygd opp. Når batteria er sortert, blir dei sendt med båt eller trailer til godkjente anlegg for batteri i Europa. Der hentar dei ut råstoff som plast, bly, rensa og behandla syre, sink, kadmium, nikkel og kobolt. Nokre av råstoffa er sjeldne og fins berre i svært avgrensa mengder. Mange av desse går inn i produksjonen av nye batteri, medan dei resterande råstoffa kan bli om til hagemøblar, pigment i malin eller metallegeringer.  

 Usikker på sortering? Sortere.no har svaret!

Bli med på Strandryddeuka 2023

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Bli med på nasjonal ryddedugnad 8. – 17. september.

Strandryddeuka er eit årleg arrangement i regi av Hold Norge Rent. Tanken er å ta i litt ekstra for å halde naturen vår fri for søppel. Vi heiar på initiativet, og stiller sjølvsagt med gratis sekkar å plukke i.

Slik gjer du:

  • Hent sekkar på ein av miljøstasjonane våre eller på kontoret vårt i Elvetorget (3.etg), eller bruk ein gjennomsiktig plastsekk du har liggande heime.

  • Rydd langs elv, fjord, strand, på tursti eller i bybilde

  • Lever inn avfallet på ein av miljøstasjonane våre, eller i containeren som vi sett opp på Festplassen i Førde (fredag 15. september – søndag 17. september)

For mange har Strandryddeuka blitt ein artig tradisjon. Det er sosialt og givande på same tid, både for store og små. I 2022 bidrog heile 800 000 nordmenn til frivillig opprydding.

Meir praktisk informasjon finn du her

 

Behov for nye matavfallsposar?

Det er mange som spør etter fleire sorteringsposar. Her er lista over kor du kan plukke dei opp.

Vi jobbar med ei betre løysning på dette, men inntil den er på plass, kan du få nye posar på desse butikkane:

  • Coop Extra/Obs bygg Førde (Kronborgvegen)

  • NorEngros, Førde

  • Coop Extra Naustdal

  • Coop Extra Dale

  • Bunnpris Leirvik

  • Coop Prix Skei

  • Joker Flekke

  • Joker Atløy

  • Joker Kvammen

  • Spar Bygstad

  • Bygdetunet i Viksdalen

Du kan plukke med deg frå ein av gjenvinningsstasjonane våre, eller så kan du stikke innom dei nye kontora våre i 3. etasje på Elvegården.

Posane er gratis, men vi ber om at de berre tar med dykk èin bunke om gongen. Vi må jo tenke på miljøet.

Kurv til papirposane kan du få utlevert på gjenvinningsstasjonane våre og på kontoret på Elvegården.

Last ned renovasjonskalender til din mobiltelefon eller pc!

App-løysinga vår er dessverre ute av drift. Vi jobbar med å finne ei ny og betre løysing for alle smarttelefonar. I mellomtida kan du laste ned påminning til din kalender på mobil eller PC. Tømming vil då legge seg i kalendaren din og varsle deg kl. 19.00 dagen før tømming.

  1. Finn di rute i renovasjonskalender i lenka øvst på sida.

  2. Last ned kalender i lenke under.

  3. Opne fila og velg den kalendaren du nyttar (Outlook, Google mv.)

  4. Velg “Importer” i vindauge du får opp

  5. Tømming er no lagt til i din kalender og du vil bli varsla kl 19.00 dagen før.

Last ned påminning om tømming til din mobiltelefon eller PC her:

NB! Frå og med 1. februar 2023 vert det innført ny tømmefrekvens i samband med oppstart matsortering:

  • Restavfall kvar 2. veke

  • Matavfall kvar 2. veke

  • Papp/papir/plast kvar 4. veke

For meir informasjon om oppstart av matsortering, klikk her.

Matsortering er no i gang!

Matsortering er no i gang!

Sortering og levering av matavfall vert snart eit tilbod til alle hushaldningskundane i SUM.

Dette vert gjort for å utnytte matavfallet på ein betre måte for miljøet. For å sikre best mogleg handtering av matavfallet, testar vi no henting i ulike bustadområde i Naustdal.

Samtidig med dette vert alle dunkar merka med ID-brikke. Dette kan du også lese meir om her: