Strandrydding

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane har i samarbeid med Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane tatt initiativ til ein gedigen dugnad for strendene våre. Vi startar ei panteordning, der alle som sankar søppel langs strender, vatn og elver får 100 kroner per fulle sekk.

Alle kan delta; lag og organisasjonar, barnehagar og skuleklassar, einskildpersonar og venegrupper.

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane forvaltar panten, som Sparebankstiftinga har løyvd pengar til.

I første omgang gjeld panteordninga dei sju kommunane i SUM (Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gaular, Naustdal, Førde og Jølster). Dersom dette vert vellukka, satsar Naturvernforbundet på å utvide ordninga til resten av fylket, i samarbeid med dei andre miljøverka og Sparebankstiftinga.

Slik gjer du

Ønskjer du å rydde ei strand? Dersom du ønskjer at vi skal hjelpe deg med å bli kvitt avfallet etterpå og du ønskjer å delta på panteordninga så må du registrere deg slik:

  • Gå inn på www.holdnorgerent.no
  • Registrer deg som brukar ved å klikke "logg inn" og linken "registrer deg" på viduet som dukkar opp.
  • På "min side" klikkar du "ny aksjon"
  • Zoom inn på kartet og finn stranda/vassdraget de ønskjer å rydde. Klikk i kartet og det dukkar opp eit nytt vindu.
  • Velg "opprette aksjon"
  • Fyll ut skjemaet
  • I feltet "knytt til organisasjon" er det viktig at de vel Sunnfjord Miljøverk IKS
  • Klikk «Opprett aksjon»
  • For å vere med på "panteordninga" må de ta bilde av dykk sjølv saman med sekkane/avfallet på stranda. Bilda må sendast til sognfjordane@naturvernforbundet.no saman med desse opplysningane
    • Tal sekkar
    • Beskriving andre gjenstandar (bildekk, oljefat, m.m)
    • Kontonummer

Pantepotten er oppbrukt i denne omgang. Men hald fram med å rydde strender, meld aksjonane inn for Hold Norge Rent. Og kanskje kjem det påfyll i mai

Du vil bli kontakta av SUM og vi i felleskap lagar ein plan for: handtering av avfallet, vidare registering av mengde og kva de har funne.

Har du spørsmål eller du ikkje får til å registrere deg kan du ta kontakt med oss på e-post eller telefon.