Hopp til hovedinnholdet →

Informasjon

Nye reglar på gjenvinningsstasjonane

Frå 1. juni er det ikkje lengre mogleg å levere avfall i mørke eller svarte sekkar på gjenvinningsstasjonane til Sunnfjord Miljøverk.  

 

—    Vi vil påpeike at endringa ikkje vert innført for å gjere det vanskeleg for kundane, men for å få betre kontroll over kva som blir levert inn hos oss og dermed sikre betre sortering, seier Tore Dvergsdal, som er dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk.    

I snitt har gjenvinningsstasjonane i Sunnfjord besøk av nærmare 55 000 kundar i året. Det er enorme mengder avfall som kjem inn, og innføring av gjennomsiktige sekkar er eit konkret grep på å sikre at dette avfallet blir sortert riktig.

—  Vi er sjølvsagt på staden for å hjelpe kundane, men det er utfordrande når vi ikkje ser kva som ligg i sekkane. Mange har samla avfall over fleire månadar eller år. Då er det fort gjort å gløyme det som ligg i botnen av sekken, forklarar Dvergsdal.    

Sorter slik du vil – så lenge innhaldet er synleg

Dei nye reglane gjeld alle typar avfall, også kjeldesortert avfall og hageavfall. Vi oppmodar til å bruke éin sekk per avfallstype. Det er sjølvsagt i orden å levere avfallet i ein open tilhengar eller på andre måtar der avfallet er synleg.

—    Poenget er at operatørane skal få oversikt over det som blir levert, og saman med kunden sortere i riktig konteiner på gjenvinningsstasjonen . Vi veit at farleg avfall og elektronikk ofte vert kasta i restavfallet, noko som i verste fall kan føre til brann. Med betre oversikt over innhaldet, får vi sortert dette riktig frå starten av. Dette vil også gjere arbeidskvardagen til dei tilsette tryggare.

Plastsekkar kan du kjøpe i butikkane

Gjennomsiktige plastsekkar får du kjøpt hos dei fleste daglegvarebutikkar og byggevareforhandlarar rundt om. Vi påpeiker at SUM-sekkane til plastemballasje ikkje skal brukast til anna avfall enn plast.  

—    Dette kjem vi til å vere strenge på. SUM-sekkane er spesiallaga til plastsortering, og dei skal berre nyttast til det formålet. Vi kjem ikkje til å ta imot avfall som er sortert i desse sekkane med mindre dei inneheld plast.

Meir til gjenvinning

EU stiller krav om 65 prosent materialgjenvinning innan 2035. Då er det viktig at vi sorterer riktig i alle ledd. Dei siste åra har mange renovasjonsselskap innført krav om gjennomsiktige sekkar på gjenvinningsstasjonane sine, med stor suksess.

—    Dei melder om tryggare og enklare kvardag for operatørane, meir riktig sortering og høgare grad av materialgjenvinning, altså at avfallet vert om til nye råvarer og nye produkt.

Det tar tid å endre vanene til folk, og det har vi forståing for. Derfor vil vi gradvis fase ut dei svarte sekkane som mange brukar i dag.

—    Vi oppmodar alle om å allereie no å starte sortering i gjennomsiktige sekkar, avsluttar Dvergsdal.

No startar vi utkøyring av nye plastsekkar

Frå måndag 9. oktober og utover skal vi levere plastsekkar heim til deg. Det einaste du må hugse på er å sette ut dunken din.

Tidlegare har vi delt ut på tømmedagen for plast og papir, men i år har vi med oss rullane på alle rutene. Altså legg vi plastrullar på både blå, grøn og svart dunk. Dette er for å gjere prosessen meir effektiv, og sikre at du skal få nye sekkar så fort som mogleg. (For ja, vi er seint ute, og det beklagar vi).

Hjelp! Eg er på haustferie

Då skal du senke skuldrane og kose deg i ferien. Dersom du ikkje er heime og kan sette ut dunken din, får du plastrullen levert i ei av dei påfølgande vekene. Du må berre hugse å sette ut dunken din på ein tømmedag i nærmaste framtid.

Det er også mogleg å hente ut ny rull med sekkar i lokala våre i Elvegården (3. etg) i Førde sentrum.

 

For deg som bur i Naustdal

I januar blei det innført fleksibel gebyrmodell på postnummer 6817. Det vil seie at du betaler for kor mange gonger du tømmer matavfall og restavfall. Med andre ord: dei som er flinke til å sortere, betalar mindre.

Dersom du ikkje har behov for å få tømt matavfallsdunken din eller restavfall dei kommande vekene, kan du sette fram papirdunken for å få nye plastsekkar. NB: papirdunken vert ikkje tømt.

 

Ingen ekstra kostnad

Alle husstandar i dekningsområdet vårt har plastrullar inkludert i årsgebyret sitt. Kor mange avhenger av kor stor dunk kvar enkelt har.

  • 140 l papirdunk – 1 rull (12 sekkar)  

  • 240 l papirdunk – 2 rullar (24 sekkar)

  • 660 l papirdunk – 5 rullar (60 sekkar)

 

Merk deg at vi berre hentar plastsekkar som er utlevert av SUM. Dersom du har samla plast i ein anna sekk, må du flytte innhaldet over i ein SUM-sekk.

Rein plastemballasje er viktig

Mykje av plastemballasjen er rein nok når den er tom. Plast frå ein salamipakke treng du ikkje å skylje sjølv om den fortsatt er litt feittete. Ketsjupflasker, yoghurtbeger og liknande bør du skylje i kaldt vatn før du kastar den i returplasten. Miljøgevinsten forsvinn dersom alle brukar varmt vatn for å skylje vekk mat- og andre restar frå emballasjen. Ein god regel er at plasten bør vere rein nok til at den ikkje begynner å lukte vondt.

 

Les meir om gjenvinning av plastemballasje på sortere.no

Tom for plastposar?

Alle har ein rull med tolv sekkar inkludert i abonnentet sitt. Desse blir plassert på dunken din ein gong i året.

Dersom du har behov for ein ekstra rull, kan du kjøpe det på gjenvinningsstasjonane våre eller på kontoret vårt i Elvetorget (3.etg).

Prisen for ny rull er 225 kroner.

Dersom du kjøper deg ein ekstra rull, vil du framleis få utlevert rullane som er inkludert i abonnentet ditt.

Du betalar ikkje ved henting av ekstra rull. Fakturaen vert sendt til den som står som eigar på eigedommen.

Fleksibel gebyrmodell

Frå 1.1.2023 innfører SUM fleksibel gebyrmodell for eit testområde i Naustdal. I løpet av 2024 er målet at fleksibel gebyrmodell vert teke i bruk for alle abonnentar i SUM.

Fleksibel gebyrmodell er ein prismodell for å rekne ut renovasjonsgebyret ditt der du kan påverke kva du skal betale for renovasjonstenestene. Den fleksible gebyrmodellen inneheld ein grunnpris og ein variabel del. Grunnprisen er lik for alle abonnentar og vert utrekna etter tal bueiningar på eigedomen. Den variable delen kan abonnenten aktivt påverke ved å velje kor mange gonger dunk for restavfall og matavfall vert sett fram for tømming.

Husstandar som er flinke til å sortere avfallet, vil få færre tømmingar av restavfall og med det redusert gebyr. Ut frå miljøomsyn håpar vi å sjå ei gledeleg utvikling på dette området.

Under finn du ofte stilte spørsmål knytt til fleksbiel gebyrmodell:

  • Det er ein prismodell for å rekne ut renovasjonsgebyret ditt der du kan påverke kva du skal betale for renovasjonstenestene. Den fleksible gebyrmodellen inneheld ein grunnpris og ein variabel del. Grunnprisen er lik for alle abonnentar og vert utrekna etter tal bueiningar på eigedomen. Den variable delen kan abonnenten aktivt påverke ved å velje kor mange gonger dunk for restavfall og matavfall vert sett fram for tømming, samt storleik på papirdunk. Ein betalar for kvar tømming av restavfall og matavfall, der tømminga automatisk vert registrert av renovasjonsbil. Kor mykje du skal betale i gebyr avheng difor av kor mange tømmingar av restavfall og matavfall du har, i tillegg til storleik på dunk for restavfall og papp/papir.

    Grunnprisen i fleksibel gebyrmodell startar kr 2413 lågare enn dagens standardgebyr. Dersom ein inkluderer årleg gebyr for papp/papir/plast, startar fleksibel gebyrmodell kr 1813 lågare enn dagens standardgebyr.

    For kundar som er tilknytt fellesanlegg med tilgangskontroll vert variabel pris basert på kor mange gonger du opnar lukene for restavfall, papp/papir, plast og matavfall. Kvar fraksjon leverast i eiga luke. Ved kvar lukeopning er det mogleg å kaste to posar. Kostnad pr. lukeopning er skalert i forhold til variabel kostnad med dunkrenovasjon, noko som medfører at det ikkje skal vere skilnad i kostnad mellom renovasjonsordningane. Det er bruken av nøkkelbrikka som dannar grunnlaget for renovasjonsgebyret ditt.

    Dagens gebyrmodell vidareførast fram til fleksibel modell trer i kraft. Du vil bli varsla før fleksibel gebyrmodell trer i kraft i ditt område. Om du vil endre storleiken på dunken din kan du kontakte SUM på sum@sum.sf.no eller på telefon 57 72 41 50.

  • Fleksibel gebyrmodell er ny for alle SUM-kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord. Gebyrmodellen vert teke i bruk for eit testområde i Naustdal frå 1.1.2023, og vil vere gjeldande for alle SUM-kommunar i løpet av 2024. Alle vil bli varsla før modellen trer i kraft i sitt område.

    Erfaringsmessig har vi sett at kundar med fleksibel gebyrmodell leverer mindre avfall og kjeldesorterer ein større del av avfallet sitt enn kundar med dagens gebyrmodell.

  • Frå og med 1.1.2023 blir det innført ny tømmefrekvens. Det vil seie at ny tømmefrekvens vert slik:

    - Restavfall kvar 2. veke

    - Matavfall kvar 2. veke

    - Papp/papir/plast kvar 4. veke

    Sjå avfallskalendaren på www.sum.sf.no/avfallskalendar for oversikt over dine tømmedagar.

    Ved innføring av matsortering er det lagt opp til uendra køyremønster for renovasjonsbilane. Det medfører at det som tidlegare innebar henting av restavfall kvar veke, no må fordelast på høvesvis restavfall og matavfall. Du avgjer sjølv kor tid du vil setje fram dunken din for tømming. Alle tømmingar vert automatisk registrert.

    Når vi tømmer fulle dunkar, og ikkje halvfulle, sikrar vi effektive innsamlingsruter. Dette vil vere med på å halde renovasjonsgebyret lågt. Dersom du har behov for ytterlegare tømming av restavfall, kan du melde inn ynskje om byte til 240 liters dunk. Du står òg fritt til å nytte SUM sine gjenvinningsstasjonar vederlagsfritt.

  • Det beste for miljøet er at vi gjer gjennomtenkte innkjøp, et opp maten vår og tenkjer ombruk. Er du ein medviten forbrukar som i tillegg er flink til å kjeldesortere, vil du produsere mindre restavfall og dermed få behov for å setje ut dunken sjeldnare. Dei som i tillegg komposterar matavfall lagar endå mindre avfall. Er du ein flink kjeldesorterer får du kanskje behov for å setje ut restavfallsdunken kun éin gang i månaden. Det reduserer gebyret ditt aleine med kr 875. Potensielt kan alle oppnå eit lågare renovasjonsgebyr enn dagens gebyr om avfallet kjeldesorterast godt.

  • Avfallsreduksjon og kjeldesortering gjev samfunnet ein miljøgevinst. SUM ynskjer difor at mest mogleg av avfallet vert sortert i dei ulike avfallstypane. På landsbasis har vi sett ei positiv utvikling i mengd kjeldesortert avfall etter innføring av fleksibel gebyrmodell. Fleksibel gebyrmodell løner automatisk den som er flink til å kjeldesortere avfallet sitt og dermed leverer mindre restavfall.

    Dei fleste andre avfallsselskapa i landet har gått over til liknande modellar, og etter ureiningslova § 34 bør kommunane «fastsette differensierte gebyrer, der dette vil kunne bidra til avfallsreduksjon og økt gjenvinning».

  • 140-liters dunk kostar 62,50 kr per tømming. 240-liters dunk kostar 112,50 kr per tømming. 660-liters dunk kostar 300 kr per tømming.

  • Du kan årleg sette ut restavfallsdunken din inntil 23 gonger og matavfallsdunken din inntil 15 gonger før det medfører ei prisauke. Eventuelt kan du setje ut restavfallsdunken din inntil 21 gonger og matavfallsdunken din inntil 20 gonger før det medfører ei prisauke.

    Sjå fullstendig prismatrise på www.sum.sf.no/fleksibel-gebyrmodell.

  • Lågaste årspris er 2475 kr inklusive mva. per bueining. Det betyr at du kan setje ut papirdunken (140 liter) til tømming ein gong per månad men at dunk for restavfall og matavfall då ikkje vert sett ut.

    Set du ut dunk for restavfall kvar 14. dag og dunk for matavfall kvar 14. dag, tilsvarar det 26 årlege tømmingar for kvar av dei. Dette gjev ein kostnad på kr 4750 inkl. mva. som er det meste du må betale med 140 liters dunkar.

    Sjå fullstendig prismatrise på www.sum.sf.no/fleksibel-gebyrmodell.

  • Set du ut restavfallsdunken kvar 14. dag betalar du kr 4100 inkl. mva i årleg gebyr. Dette forutset då null tømmingar av matavfallsdunken. Sjå fullstendig prismatrise på www.sum.sf.no/fleksibel-gebyrmodell.

  • I dag betaler du 4288 kr inkl. mva. for eit vanleg renovasjonsgebyr.

  • Med fleksibel gebyrmodell er utrekninga av renovasjonsgebyret meir brukarstyrt. Dette er fordi modellen er basert på kundane sin faktiske bruk av renovasjonstenestene, i motsetnad til dagens modell med flat fordeling av alle kostnadane på alle hushald.

    Eit av måla med fleksibel gebyrmodell er at våre kundar skal bli endå flinkare til å sortere avfallet sitt. Gjer alle ein større kjeldesorteringsinnsats har vi rekna ut at ein vil få eit snitt på 19 tømmingar av restavfallsdunken i året. Denne utrekninga baserer seg både på auka kjeldesortering og avfallsreduksjon, men også at svært mange fram til no har sett ut halvfulle restavfallsdunkar kvar veke.

    SUM har ikkje lov til å tene pengar. Vi arbeidar etter sjølvkostprinsippet. Med den fleksible gebyrmodell fordeler vi om kostnadane slik at dei som leverer mykje restavfall skal betale meir enn dei som leverer lite restavfall. Det underbyggjer prinsippet om at den som forureinar skal betale.

    Ved innføring av fleksibel gebyrmodell har SUM lagt opp til uendra totale gebyrinntekter.

  • Om du lurer på utrekning av renovasjonsgebyret ditt, les meir på www.sum.sf.no/fleksibel-gebyrmodell eller kontakt kundesenteret vårt på telefon 57 72 41 50 eller på e-post sum@sum.sf.no.

  • Er du ein medviten forbrukar som i tillegg er flink til å kjeldesortere, vil du ende opp med å produsere mindre restavfall og dermed få behov for å setje ut dunken sjeldnare. Det beste for miljøet er at vi gjer gjennomtenkte innkjøp, et opp maten vår og tenkjer gjenbruk. Dei som i tillegg komposterer matavfallet lagar endå mindre avfall. Potensielt kan alle oppnå eit lågare renovasjonsgebyr enn det dei har i dag. Om du sorterer ut alt av glas- og metallemballasje, plastemballasje, papir, papp og drikkekartong, samt farleg avfall og EE-avfall, vil du redusere mengda restavfall merkbart. Våre plukkanalyser syner at så mykje som 75 prosent av restavfall kunne vore sortert ut.

    Alle hushaldningskundar kan byte til større restavfallsdunk og større papirdunk (frå 140 liter til 240 liter per bueining). Alt avfall kan i tillegg leverast vederlagsfritt på SUM sine gjenvinningsstasjonar. Glas- og metallemballasje kan også leverast vederlagsfritt på returpunkt.

  • Alle dagens renovasjonsrabattar vert avvikla når fleksibel gebyrmodell vert innført i sitt område. Fram til innføring av fleksibel gebyrmodell vert kun kundar som deler dunk eller komposterar, løna. Med fleksibel gebyrmodell vert alle tiltak som reduserer avfallsmengda og aukar kjeldesortering, løna. Alle kan setje ut dunken når den trengs å bli tømd. Men dess sjeldnare, dess billegare gebyr.

    Om du deler dunk med andre, vert prisen delt på tal bueiningar som nyttar dunken.

    Det vert framleis mogleg å oppnå redusert gebyr for deg som gjer avtale om heimekompostering. Dei som heimekomposterer får ikkje eigen matavfallsdunk og kan då spare inntil kr 650 inkl. mva i årleg tømmekostnad. Det vert i tillegg innført tilskot til kjøp av godkjend utstyr til heimekompostering. 30 % av dokumenterte kostnader, avgrensa til 2000 kr, vert refundert mot framlagt dokumentasjon. Les meir på sum.sf.no/heimekompostering.

  • Du kan framleis velje å dele dunk med naboen. Innsparinga vert då at de deler på tømmekostnaden for alle tømmingar, det vil seie at de vert fakturert for ei halv tømming kvar per tømming av restavfall og matavfall, og eit halvt årsgebyr kvar for papp/papir/plast. Vi gjer dykk merksam på at grunnpris på kr 1875 per år framleis vert utrekna per bueining.

    Delingsrabatt fell vekk frå 1.1.2023 sidan fleksibel gebyrmodell løner dei som kjeldesorterer godt og har lite avfall.

  • SUM legg til rette for at burettslag også kan nytte fleksibel gebyrmodell.

    For burettslag der kvar kunde har eigne dunkar vil burettslaget sine renovasjonsutgifter avhenge av kor ofte bueiningane set dunken fram til tømming. Burettslaget kan be SUM om å få ei oversikt over kor ofte dei enkelte dunkane vert tømd. Dette kan påverke husleiga til den enkelte bebuar på sikt, men det vil vere opp til burettslaget korleis dette vert løyst.

    For dei som er tilknytt fellesanlegg med tilgangskontroll vert variabel del kopla opp mot tal gonger kvar luke til fellesanlegget vert opna. Ved kvar lukeopning er det mogleg å kaste to posar. Kostnad pr. lukeopning er skalert i forhold til variabel kostnad med dunkrenovasjon, noko som medfører at det ikkje skal vere skilnad i kostnad mellom renovasjonsordningane.

    Pris per lukeopning:

    Matavfall Kr 5,00

    Restavfall Kr 12,50

    Papp/papir Kr 6,25

    Plast Kr 3,75

    Vi oppfordrar burettslag til å vurdere om dei ynskjer å investere i moderne avfallsløysingar med tilgangskontroll der kvar enkelt bueining vert registrert ved levering av avfall. Då kan bebuarane betale renovasjonsgebyr etter den enkelte bueining sitt faktiske bruk av renovasjonstenestene.

  • Når fleksibel gebyrmodell trer i kraft betalar du ein grunnpris på kr 1875 per år per bueining og en variabel pris basert på kor mange gonger du opnar lukene for høvesvis restavfall, papp/papir, plast og matavfall. Kvar fraksjon leverast i eiga luke. Det er såleis bruken av nøkkelbrikka som dannar grunnlaget for renovasjonsgebyret ditt.

    Pris per lukeopning:

    Matavfall Kr 5,00

    Restavfall Kr 12,50

    Papp/papir Kr 6,25

    Plast Kr 3,75

    Ved kvar lukeopning er det mogleg å kaste to posar. Kostnad pr. lukeopning er skalert i forhold til variabel kostnad med dunkrenovasjon, noko som medfører at det ikkje skal vere skilnad i kostnad mellom renovasjonsordningane.

    Med årlege lukeopningar for høvesvis matavfall og restavfall på 130 stykk kvar og for høvesvis papp/papir og plast 60 stykk kvar, vert årleg renovasjonsgebyr:

    Grunnpris Kr 1 875,00

    Matavfall (130 stk) Kr 650,00

    Restavfall (130 stk) Kr 1 625,00

    Papp/papir (60 stk) Kr 375,00

    Plast (60 stk) Kr 225,00

    Totalt Kr 4037,50

    Glas- og metallemballasje leverast til returpunkt utan ekstrakostnader.

    Kvar bueining står også fritt til å nytte SUM sine gjenvinningsstasjonar vederlagsfritt.

  • Erfaringane til andre avfallsselskap i landet med same ordning tilseier at det ikkje medfører problem. Om du er redd for at dette skal skje, kan du eventuelt kjøpe ein gravitasjonslås til dunken din. Ta kontakt med kundesenteret på e-post sum@sum.sf.no eller tlf 57 72 41 50 for meir informasjon

  • På landsbasis har ikkje dette vore noko problem for dei som har nytta liknande gebyrmodellar i fleire år. Det er svært få innbyggjarar som tyr til forsøpling og miljøkriminalitet for å spare litt i året. Alle står i tillegg fritt til å nytte SUM sine gjenvinningsstasjonar vederlagsfritt.

*Vi tek atterhald om at renovasjonsprisane vert vedteke av kommunane.

Kva er kompost?


Kaldkompost (ikkje godkjent kompostløysing)

Kaldkompostering vil sei at man bruker dei naturlege mikrorganismane, meitemakk, sopp og bakteriar for å få komposteringsprosessen i gang.

For at god prosess er det viktig å tilføre rikelig med luft ved å vende og spa med jamne mellomrom.

Ein kaldkompostbinge kan ikkje brukast til matavfall.

Følgande kan brukast i ein kaldkompostbinge:

• Alt av hageavfall som gras, kvist, planterestar og greiner

• Frukt og grønt

• Kaffigrut og te-posar

• Litt aske etter vedfyring

TIPS! Ved å tilføre matjord kan man framskynde prosessen.


Varmkompostering (godkjent kompostløysning)

Å varmkompostere vil sei å omdanne mat- og hageavfall i en raskere prosess enn ved kaldkompost.

I en varmkompost kan temperaturen komme opp i over 70 grader og tar livet av skadelige organismer og ugressfrø.

For at komposten skal kunne oppnå denne temperaturen må bingen være isolert med minst fem centimeter isolerte vegger, den må også være helt tett og ha lokk.

Tjukkelsen på veggene er både for å oppnå riktig temperatur, men også for å unngå rotter, mus, fugler og andre dyr.

Følgande kan brukast i ein varmkompostbinge:

• Alt av hageavfall som gras, kvist, planterestar og greiner

• Frukt og grønt

• Kaffigrut og te-posar

• Litt aske etter vedfyring

• Kjøtt- og fiskerestar

Større beinrestar kan ikkje brukast, egg vil heller ikkje bli nedbrote men kan nyttast i komposten då det vil bli pulverisert og gje kalktilskot til jorda.


Bokashi (godkjent kompostløysning)

Ved bokashi går avfallet gjennom ein gjæringsprosess også omtalt som fermentering, det vil sei at avfallet ikkje rotnar og forårsakar derfor ikkje noko lukt. Denne måten er for dei som ynskjer ein mindre plasskrevjande måte å handtere matavfallet sitt på, samtidig vil bokashi krevje ein noko større arbeidsprosess.

I bokashiprosessen treng ein følgande:

• Bokashi-strø

• Bokashi bøtte

• Pallekarm til jordfabrikk

• Billig plantejord til jordfabrikk

• Urter, grønnsaksplanter, frø

• Vannkanne til bokashivatnet.


Ynskjer du å kompostere? trykk her