Hopp til hovedinnholdet →

No startar vi utkøyring av nye plastsekkar

Frå måndag 9. oktober og utover skal vi levere plastsekkar heim til deg. Det einaste du må hugse på er å sette ut dunken din.

Tidlegare har vi delt ut på tømmedagen for plast og papir, men i år har vi med oss rullane på alle rutene. Altså legg vi plastrullar på både blå, grøn og svart dunk. Dette er for å gjere prosessen meir effektiv, og sikre at du skal få nye sekkar så fort som mogleg. (For ja, vi er seint ute, og det beklagar vi).

Hjelp! Eg er på haustferie

Då skal du senke skuldrane og kose deg i ferien. Dersom du ikkje er heime og kan sette ut dunken din, får du plastrullen levert i ei av dei påfølgande vekene. Du må berre hugse å sette ut dunken din på ein tømmedag i nærmaste framtid.

Det er også mogleg å hente ut ny rull med sekkar i lokala våre i Elvegården (3. etg) i Førde sentrum.

 

For deg som bur i Naustdal

I januar blei det innført fleksibel gebyrmodell på postnummer 6817. Det vil seie at du betaler for kor mange gonger du tømmer matavfall og restavfall. Med andre ord: dei som er flinke til å sortere, betalar mindre.

Dersom du ikkje har behov for å få tømt matavfallsdunken din eller restavfall dei kommande vekene, kan du sette fram papirdunken for å få nye plastsekkar. NB: papirdunken vert ikkje tømt.

 

Ingen ekstra kostnad

Alle husstandar i dekningsområdet vårt har plastrullar inkludert i årsgebyret sitt. Kor mange avhenger av kor stor dunk kvar enkelt har.

  • 140 l papirdunk – 1 rull (12 sekkar)  

  • 240 l papirdunk – 2 rullar (24 sekkar)

  • 660 l papirdunk – 5 rullar (60 sekkar)

 

Merk deg at vi berre hentar plastsekkar som er utlevert av SUM. Dersom du har samla plast i ein anna sekk, må du flytte innhaldet over i ein SUM-sekk.

Rein plastemballasje er viktig

Mykje av plastemballasjen er rein nok når den er tom. Plast frå ein salamipakke treng du ikkje å skylje sjølv om den fortsatt er litt feittete. Ketsjupflasker, yoghurtbeger og liknande bør du skylje i kaldt vatn før du kastar den i returplasten. Miljøgevinsten forsvinn dersom alle brukar varmt vatn for å skylje vekk mat- og andre restar frå emballasjen. Ein god regel er at plasten bør vere rein nok til at den ikkje begynner å lukte vondt.

 

Les meir om gjenvinning av plastemballasje på sortere.no