Hopp til hovedinnholdet →

Matsortering er no i gang!

Alle husstandar i SUM sine eigarkommunar, skal no i gang med sortering av matavfall. Dette vert gjort for å utnytte matavfallet på ein betre måte for miljøet.

Innsamling av matavfallet vart starta 1. februar i 2023. Utdelinga av matavfallsdunkar er i full gang, men framleis er det en del kunder som ikkje har motteke dunk. Vi ber om dykkar tolmod og vi vil halde fram til alle har fått dunk.

Vi håpar den nye ordninga vert teke godt imot av våre abonnentar.

Matavfall er avfall som er organisk nedbrytbart. Ein hugseregel er at dersom det kan etast, kan det sorterast som matavfall. Overskot som skrell, epleskrott, fruktstein og fiskebein kan òg kastast i matavfallet.

SUM har valgt papirposar for levering av matavfall. Papirposar har ein stor fordel då avfallet vert tørrare når du bruker posen saman med korg med luftehol. Tørr mat gjev mindre lukt og posen går ikkje i stykker. Papirposar er òg einaste posetype som er 100 prosent fornybar utan å spre mikroplast i naturen.

Er du usikker på dine tømmedagar, klikk her.

Vi har samla dei vanlegaste spørsmål og svar knytt til den nye ordninga under.

  • Posane er spesiallaga til matavfall og toler ein god del fukt, samstundes som dei er nedbrytbare.

    Unngå likevel fuktig matavfall som sausar og supper. Det må kastast i restavfallet. Det er òg viktig å ha ei kjøkenbøtte med god lufting som gjer at matavfallet tørkar litt inn og faren for lukt og andre ulemper vert redusert. Dette vert utdelt av SUM når de får tilbod om utsortering av mat

  • Utlevering er i full gang, og dykk som delar dunk eller har fleire bueiningar vil få supplert korg/posar innan kort tid. Dykk kan og hente ut posar og korger på våre gjenvinningsstasjonar.

  • •Skrell og skrottar frå frukt og grønsaker

    • Fiskebein og -skinn

    • Mindre bein og kjøtdelar som ikkje kan etast

    • Kaffifilter og -grut

    • Brød og bakevarer som ikkje kan etast

    • Anna matavfall utan emballasje

  • • Hageavfall, jord og blomar

    • Store kjøtbein og slakteavfall

    • Matemballasje

    • Papir som aviser og liknande

    • Eingongskrus og -bestikk

    • Hår, pels og avføring frå dyr

    • Kattesand og burstrø

    • Oske

    • Flytande restar som supper og sausar (må i restavfallet - ikkje avløp)

    • Bleie

  • Det beste for miljøet er å redusere matavfallet eller matsvinnet. Likevel vil vi alle produsere noko matavfall som for eksempel bananskal og kaffigrut. Det er mange verdifulle ressursar i matavfall, både næringsstoff og energi. SUM ynskjer å ta vare på desse ressursane på ein best mogleg måte

  • Utsortert matavfall skal no nyttast på ein måte som gjer at ressursane ikkje går tapt. Målet er at matavfallet skal gje bioenergi og nyttast som jordforbetringsmiddel. Dette vil igjen redusere bruken av kunstgjødsel. SUM vil skaffe tenesta i nærliggande områder i første omgang, og arbeider med å få til ei lokal løysing på sikt.

  • Alle som komposterar må meir enn gjerne fortsette med dette om dei ynskjer det. I så tilfelle får dei ikkje utdelt dunk for matavfall.

    Den beste måten å påverke renovasjonsgebyret på vil framleis vere å redusere mengda restavfall. Vel du framleis å kompostere heime, reduserer du våre transportkostnader og bidreg på den måten i det grøne skiftet. I tillegg får du verdifull jord til hagen din.

  • For hushaldningar er det ikkje mogleg å melde seg av ordninga med mindre ein komposterar. Det aller beste for miljøet er imidlertid å redusere matsvinnet.

  • Dersom du har eigen dunk til matavfall, set du dunken fram på vanleg oppsamlingsplass på aktuell tømmedag. Du kan finne dine tømmedagar på www.sum.sf.no/renovasjonskalender. Hugs å setje dunken fram før kl. 07.00 og trekke den attende etter tømming. I forkant av dei to første tømmingane vil ein bli varsla med SMS.

  • Det vert per i dag ingen endringar i prismodellen, med unntak av eit testområde som får innført fleksibel gebyrmodell frå 1.1.23. Du kan lese meir om fleksibel gebyrmodell her: https://www.sum.sf.no/fleksibel-gebyrmodell

  • Ein mindre behaldar til matavfallet vil ikkje kunne tømmast automatisk på bossbilen og vil difor ikkje vere forsvarleg ut frå HMS-omsyn til renovatørane.

    Sjølv om matavfallsdunken ikkje er full på tømmedag, må dunken tømmast så ofte som mogleg. Jo ferskare matavfallet er ved tømming, jo betre kan vi nytte ressursane. I tillegg vil hyppig tømming gje deg færre plager med lukt og ureining. Set derfor ut dunken sjølv om du berre har kasta litt.

  • Unngå å kaste altfor fuktig matavfall som sausar og supper i posen. Slikt må for øvrig ikkje hellast i

    vasken eller do, men i restavfallet (gjerne i brukt emballasje med tett lok før du kastar det i bosset).

    Samtidig vil bruk av kjøkenbøtter med god lufting medføre at matavfallet tørkar noko inn og som igjen reduserer faren for lukt og andre ulemper. Bruk korga med luftehull som du får av SUM, eller tilsvarande. Ikkje legg matavfall i ein lukka behaldar på kjøkenet. Ein lukka behaldar gjer at matavfallet byrjar å rotne raskt og gjev frå seg lukt.

    Tips!
    Legg gjerne eggekartong eller kvitt tørkepapir i botnen av posen for å trekke til mest mogleg fukt

  • Dersom matavfallet er veldig fuktig, er det stort sannsyn for at det kan verte gris. Slik forebygger du søl, lukt og larvar:

    • Unngå å helle væsker i matavfallet. La sausar og supper gå i restavfallet.

    • Ikkje fyll posen heilt opp, slik at du enkelt kan pakke den godt saman før du legg den i matavfallsdunken ute.

    • Legg litt sagflis eller avispapir i botnen av dunken, slik at det trekk til seg fuktigheit.

    • Har du rekeskal eller restar av skaldyr, oppbevar det i frysaren og kast i matavfallet før tømmedag.

    • Unngå at dunken står i sola. Finn ein plass i skuggen om mogleg.

    Har du fulgt råda over, men likevel fått larvar i dunken? Opne opp loket på gløtt, for å få ut fuktigheita av dunken. Ha i litt sagflis eller liknande som kan tiltrekke seg fukt i dunken og flytt den til ein stad den kan stå i skuggen.

    Larvar er heldigvis heilt ufarlege, men sjølvsagt ekle. Hugs å reingjere dunken etter tømming dersom du har hatt larvar på besøk

Sjå ytterlegare svar på henvendingar om matsortering her.

Sjå informasjonsskriv som er sendt ut til alle abonnentar i samband med innføring av matsortering:

Brev nr 1 (juli 2022)

Brev nr 2 (desember 2022)