Hopp til hovedinnholdet →

 Sortering av matavfall

No blir matavfallet ditt ein verdifull ressurs.

Kvart år kastar vi 217 tonn mat i private heimar i Norge. Det er over 42 kg (!) per person. Vi har som mål å redusere det talet. Samtidig er vi stolte av at vi endeleg er i gong med å samle inn matavfallet, slik at det kan få eit nytt liv i kretsløpet.

Korleis sorterer eg riktig?

Det er ikkje alltid like lett å vite kva som skal kor. Ein hugseregel er at dersom det kan etast, kan det sorterast som matavfall. Overskot som skrell, epleskrott, fruktstein og fiskebein kan du kaste i matavfallet.

Bruk gjerne sortere.no sin søkefunksjon på matvarer du er i tvil om.

Heimekompostering

Dersom du ikkje ønsker å nytte seg av matavfallsdunken frå oss, kan du kompostere sjølv. For å gjere det, må du først sende ein skriftleg søknad til SUM. Her kan du lese meir om korleis du går fram med heimekompostering: Heimekompostering — Sunnfjord Miljøverk IKS (sum.sf.no)

 

Kva skjer med avfallet?

Vi samlar inn matavfallet og frakter det vidare til BIR i Bergen. Deretter går vegen vidare til Jæren, der dei brukar avfallet til å produsere biogass og biogjødsel. Biogass kan ein bruke til blant anna miljøsmart drivstoff, og biogjødsel tilfører jorda viktige næringsstoff som på nytt går inn i matproduksjonen. Miljønytten er derfor svært stor.

Det er viktig at du som forbrukar faktisk sorterer riktig. Dersom matavfallet er sortert feil, kan vi risikere at heile lasset med avfall ikkje kan brukast vidare. Vi snakkar fleire tonn.

Kvifor papirposar?

Papirposar har ein stor fordel då avfallet vert tørrare når du brukar posen saman med ei korg med luftehol. Tørr mat gir mindre lukt og posen går ikkje i stykker. Papirposar er også den einaste posetypen som er 100 prosent fornybar, utan å spre mikroplast i naturen. Dessutan vil anlegget vi leverer matavfallet til, berre ta imot papirposar.

Ikkje overbevist? Les denne saka: Fem grunner til å bruke papirposer til matavfall - Avfall Norge

Korleis får eg tak i nye posar?

Vi jobbar med å få til ei god ordning på nettopp dette. Fram til det er på plass, kan du hente ut posar på gjenvinningstasjonane våre, på kontoret vårt i Elvetorget (3. etg), eller på ein av desse butikkane:

  • Coop Extra/Obs bygg Førde (Kronborgsvegen)

  • Coop Extra Naustdal

  • Coop Extra Dale

  • Bunnpris Leirvik

  • Coop Prix Skei

  • Joker Flekke

Matavfallsposane er gratis for alle våre abonnentar.

NB: Det er berre SUM sine utleverte posar som skal nyttast til sortering av matavfall. Vi tek ikkje imot mat som er sortert i plastposar eller i bioposar.

Les også: ofte stilte spørsmål om matsortering

Har du andre spørsmål?
Då må du gjerne ta kontakt med oss, så skal vi hjelpe deg.