Plastemballasje:

Vi samlar inn plastemballasje ute hjå abonnent. Du kan plassere ut ein sekk ved tømming av 140L papirdunk, to sekkar ved 240L dunk og 5sekkar dersom du har ein 660L papirdunk. Har du meir avfall kan de lever det på gjenvinningsstajonen.

I innsamlingsordninga vil vi ha rein og tørr plastemballasje. Det meste av emballasjen er rein når den er tom. Skitten plastemballasje skyljast i kaldt vann og kan reingjerast med oppvaskbørsten. Her gjelder det å bruke sunn fornuft: er det for krevjande å reingjere emballasjen ordentlig, så gjer den betre nytte i restavfallet. Dersom du nyttar varmt vatn kan miljøvinsten vere tapt.

Dette kan du levere

  • Folieplast og plastposar

  • Plastbrett for matvarer, for eks. kjøttdeig, kylling o.l.

  • Plastsekkar og plastboksar

  • Plastflasker og plastkanner

  • Plastemballasje for elektriske produkt og møblar

Dette kan du ikkje levere

  • Flasker og kanner som har inneheldt oljeprodukt,

    særleg brannfarleg eller giftig avfall. Dette skal leverast

    på gjenvinningsstasjonen som farleg avfall.

  • Leikar, Hagemøblar, Bøtter, Hageslangar,

    Kjøkenreiskap

  • Vednett mv. • Isopor (EPS/XP

De kan i tillegg levere plast på gjenvinningsstasjonane. Der tek vi også i mot andre typar plast; som plastrør, preseningar m.m

Vi er pliktig å kontrollere avfallet som de leverer, ver vennleg å lever i gjennomsiktige sekkar.

Her finn du meir om returplast