Aktuelt

Vårrydding på SUM

Kvar vår har SUM ein skuleklasse på besøk for å hjelpe oss med rydding i nærområdet vårt. I år var det 8.klasse ved Naustdal Barne og Ungdomsskule som var her - tusen takk for hjelpa! Dei har plukka flygeavfall m.m langs vegar og i skråningar både innanfor og utanfor gjerdet. Vi takkar for hjelpa med å bidra med nokre kroner til den planlagde klasseturen deira.

Strandrydding

Strandrydding – vinn fine premiar

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og SUM oppmodar alle skular, barnehagar, lag og organisasjonar til å arrangere strandrydding og bli med i Kystlotteriet i veke 18. Den nasjonale strandryddedagen er i år laurdag 5. mai.

Men de kan sjølvsagt rydde andre veker også. Særleg ved kysten er det fint å rydde før fuglane startar hekkinga.

Naturvernforbundet deler ut både lokale, regionale og nasjonale premiar, opplevingar til alle (både lag og enkeltpersonar) og pengepremiar til grupper, til dømes klassar som samlar pengar til klassetur.

Sjå heimesida til Sunnfjord Miljøverk (SUM) for informasjon kor hen de kan hente sekkar og lodd, og kor de kan levere avfallet etterpå:

http://www.sum.sf.no/strandrydding/

Naturvernforbundet skal ha trekkingar med jamne mellomrom gjennom heile året, både i kvart miljøverkområde og samla for fylket. Til slutt går alle lodda til den nasjonale trekkinga før jul, med mange store premiar.

 

Styret i Sunnfjord Miljøverk på tur til Lindum

Sunnfjord Miljøverk sitt styre har besøkt eit av landets fremste selskap på
avfallshandtering, Lindum i Drammen: https://lindum.no/

Lindum  har gjennom fleire tiår prøvd ut og perfeksjonert forskjellige
former for handsaming av slam og bistår Sunnfjord Miljøverk IKS i det
pågåande arbeidet med å få til ein komposteringsprossess som gir posistive
resultat med tankje på så vel produkt som reduksjon av luktutslepp for
omland.

 

Den Magiske Fabrikken utenfor Tønsberg gjenvinner matavfall og husdyrgjødsel
til klimavennlig biogass og verdifull biogjødsel til produksjon av ny mat.
Lindum drifter dette anlegget der styret fekk ein omvisning:
<http://www.vesar.no/den-magiske-fabrikken>
http://www.vesar.no/den-magiske-fabrikken
styretur SUM.jpg
Frå venstre:  Stig Moltumyr (Fjaler), Gunnar Osland (Askvoll), Jan Taule
(leiar for representantskapet) , Styreleiar Oddmund Klakegg (Jølster), Grim
Erik Gillestad (Gaular), Signe Eimhjellen Mehl (Førde), Marius Dalin (Føre),
Anne-Britt Øyra (Naustdal) og Henning Tjørhom (dagleg leiar, SUM).

Stor auke i strandrydding.

Firda skriv den 29.desember 2017 at det har vore ein auke på 800% når det gjeld strandrydding i Sogn og Fjordane. (les artikkelen her. ) Dette er svært gledeleg og vi vil halde fram i 2018 med å ta i mot avfall frå slike aksjonar. Vi vil og fortsette samarbeidet med Naturvern Forbundet og Kystlotteriet slik at dei som deltar på ryddeaksjonar får mogelegheit til å vinne premiar.

Planlegg de ein aksjon? Sjå her korleis de skal registrere dykk før de startar oppryddinga

Trekking Kystlotteriet

Gratulere!

Her er lista over vinnarane av trekkinga i Kystlotteriet i dag, høgtideleg gjennomført av kultursjef Trond Ueland:

Lokal premie i SUM-området, privatpersonar (middag for 2 på kafeen på Coop Extra):

Judith Hegrenes, Førde

Regionale premiar for klassar m.m.:

1000 kroner x 5:

* 3B ved Florø barneskole v/Linda Henriksen

* Sunnfjord Folkehøgskule, Førde v/Sandra Marie Landsrød

* 1 STB Flora vidaregåande skule

* Nøtteliten barnehage, Flora v/Olivia Valle Myklebust

* 3B ved Florø barneskole v/Linda Henriksen

2000 kroner:

* Henjehaugane Barnehage, Leikanger v/Johanne Kveane

3000 kroner:

* Sunnfjord Folkehøgskule, Førde v/Sardarwali Hotak

5000 kroner x 2:

* 1 STB Flora vidaregåande skule

* Hyllestad skule, 4. og 1. klasse v/Malin og Malene Oppedal

Så går vi i gang att til våren, med mange fleire premiar, både pengar og opplevingar.

Takk for at de rydda.