Hopp til hovedinnholdet →

Nei takk til mørke plastsekkar

Foto: Loop

Frå 1. juni tek vi berre imot avfall som blir levert laust eller i gjennomsiktige plastsekkar på gjenvinningsstasjonane våre.

Det er dessverre mykje feilsortering i sekkane som kjem inn til oss. For å kunne hjelpe kunden å gjere dette riktig, er det viktig at vi ser kva som ligg i botnen av sekkane. Spesielt viktig er det å få sortert ut batteri, elektronikk og anna farleg avfall. Feilsortering av dette kan faktisk vere direkte farleg.

Den nye regelen er enkel: vi må sjå det du leverer.

Regelen er bra for miljøet, fordi det sikrar at vi får gjenvunne endå meir enn før. I tillegg gjer den arbeidskvardagen til gjenvinningsoperatørane våre både enklare og tryggare. Den er også lærerik for kundane våre, fordi vi saman finn fasiten på kva som skal kor.

Gjennomsiktige sekkar får du i butikkane

Du får kjøpt sekkar på dei fleste matbutikkar og byggevareforhandlarar. Tenk gjenbruk: du kan tømme innhaldet i sekken på gjenvinningsstasjonen, og så kan du ta med deg sekken heim igjen for å samle opp på nytt.

Kva skjer etter 1. juni?

Dersom du kjem med avfall i ein mørk sekk etter 1. juni, vil vi be deg om å opne den opp og eventuelt sortere på nytt i ein gjennomsiktig sekk. Vi håpar på forståing for dette.

 

Tips til deg som kunde:

  • Begynn å sortere i gjennomsiktige sekkar allereie i dag.

  • Bruk èin sekk per avfallstype, så er hovudjobben gjort før du kjem på gjenvinningsstasjonen.

  • SUM-sekkane til plastsortering skal ikkje brukast til dette formålet.


Dei nye reglane gjeld på alle gjenvinningsstasjonane våre.