Hopp til hovedinnholdet →

 Burettslag og sameie


Burettslag, sameie og andre med felles avfallsrom kan få botntømte konteinarar i staden for dunkar. For mange vil dagens avfallrom og avfallshus ikkje være store nok til eit ekstra dunksett. Vi kan då tilby andre løysingar i staden. Kva løysing som kan passe for dykk må vi avklare i fellesskap. Nedst på sida finn dykk informasjon om dei ulike løysingane. Viss dette er ei løysing dykk er interessert i, kan web-skjemaet under nyttast. Her legg dykk inn kontaktinfo, så tek vi kontakt.


Moderne avfallsløysning

Ein moderne avfallsløysning er eit universelt utforma, lukka anlegg som erstattar tradisjonelle bosspann og behaldarar. Desse bidrar til reine og ryddige omgjevnader utan gapande lokk, sjenerande lukt og skadedyr. I tillegg er dei brannsikre og tilgangen er avgrensa til dei bebuarane som er knytt til anlegget. Det er fleire ulike typar moderne avfallsløysningar som kan nyttast i både nye og eksisterande bustadfelt, sameiger og burettslag.

Nedgraven botntømd container

Består av eit innkast på bakkeplan og ein 5m3 container under bakken. Avfallstypane som kan nyttast her er restavfall, papp/papir/drikkekartong, plastemballasje, samt glas og metall emballasje. Ved tømming blir container løftet opp via ei kran og tømt i container.

Semi nedgravd container

På ein semi nedgravd container er ca. 70% av behaldaren under bakken. Denne typen kan nyttast til same avfallstypane som nedgraven container og tømming forgår på same måte.

Bakkemontert/frittståande container

Frittståande botntømd container er ein container type som blir plassert på støypt dekke, det er same avfallstypane som overståande containeren

Renovasjon i byggesak kan du lese om HER

Seminedgravd avfallskonteinar frå Strømbergs.

Seminedgdravd konteinar (stombergs.no)

Nedgravd konteinar frå Strømbergs

Nedgravd konteinar (strombergs.no)

Bakkemontert frå strømbergs

Bakkemontert konteinar (strombergs.no)