Hopp til hovedinnholdet →

Fleksibel gebyrmodell

Snart kan du påverke gebyret ditt sjølv

I januar 2023 starta vi opp med testing av fleksibel gebyrmodell for testområdet vårt i Naustdal. Vi er ikkje heilt i mål med testinga, og vil derfor forlenge testperioden ut 2024.

Den fleksible gebyrmodellen går ut på at kvar enkelt kan i større grad påverke gebyret sitt sjølv. Modellen inneheld ein grunnpris som alle må betale, og ein variabel del. Den variable delen kan du i stor grad påverke sjølv. Jo mindre du kastar – jo billegare blir det.

Dette blir rekna i kor mange gonger du set dunken sin fram for tømming. Alle dunkane er merka med eit nummer som renovasjonsbilen les av automatisk når dunken blir tømt.

Modellen vil gradvis bli innført for alle SUM sine kommunar i 2025.

Alle blir varsla før modellen trer i kraft i sitt område.

Prisoversikt

Prisoversikt fleksibel gebyrmodell

Last ned prisliste her ->

Prisoversikt finn du òg i Gebyrforskrift renovasjon 2023.

*Vi tek atterhald om at gebyrforskrift renovasjon vert vedteke av kommunane.

For fullstendig prismatrise klikk her

Vi har samla dei vanlegaste spørsmål og svar knytt til fleksibel gebyrmodell:

For gode tips og råd om kjeldesortering, sjekk www.sortere.no.