Hopp til hovedinnholdet →

 Heimekompostering

Har du kompostbinge som er godkjent av SUM treng du ikkje matavfallsdunk med grønt lokk.

Tilskotsordning

Frå 01.01.2023 har vi innført ei tilskotsordning for godkjende kompostbingar og Bokashi.

Du får refundert inntil kr 2000,- med ei avgrensing på 30% av innkjøpspris mot innsendt kvittering i søknadsskjemaet. 
Refusjonen kjem som reduksjon i eiga linje på neste gebyrfaktura frå oss.

Døme 1: Kjøper du eit Bokashi-sett pålydande kr 1500, får du kr 450,-  i tilskot av SUM.
Døme 2: Kjøper du varmkompostbinge pålydande kr 4000, får du kr 1.200,- i tilskot av SUM.
Døme 3: Kjøper du varmkompostbinge pålydande kr 8000, får du kr 2000,- i tilskot av SUM.

Vi gjev kun tilskot til kjøp av nye kompostbingar og Bokashi, og kvitteringa må ikkje vere meir enn 6 månadar ved innsending.

OBS! Bur du under postnummer 6817 (NAUSTDAL) vil dykk kun få tilskot. 
Vilkår for avtale om heimekompostering av blautorganisk avfall (matrestar) i samsvar med av gjeldene renovasjonsforskrift for SUM sine eigarkommunar

Vilkår for avtale om heimekompostering av blautorganisk avfall (matrestar) i samsvar med av gjeldene renovasjonsforskrift for SUM sine eigarkommunar

• Alt blautorganisk avfall frå hushald skal skiljast frå anna avfall og komposterast

• Kompostbingen skal være godkjent av SUM. Bingen skal være plassert slik at den ikkje sjenerer naboar eller andre.

• Abonnenten må disponere et tilstrekkeleg stort bruksareal der den ferdige komposten kan brukast

• Abonnenten må sjølv tileigne seg naudsynt kompetanse om heimekompostering

• SUM har rett til å føre kontroll med at heimekompostering finner sted, og at den skjer i samsvar med allment aksepterte metodar

• Abonnent med avtale får reduksjon av renovasjonsgebyr i samsvar med gebyrforskrift

• SUM kan sei opp avtalen og fjerne reduksjonen i renovasjonsgebyret dersom ikkje vilkåra i avtalen blir følgd

• Dersom kompostbingen ikkje er i drift når eigedommen er i bruk, kan SUM legge til grunn at heimekompostering ikkje har skjedd som avtalt dei siste 12 månadane, og fjerne rabatten i renovasjonsgebyret. Abonnenten vil da inngå i den ordinære renovasjonsordninga med ordinært gebyr og krav om sortering frå og med førstkommande termin.

• SUM kan sei opp eller endre avtalen og fjerne eller endre reduksjonen i gebyr dersom renovasjonsordninga eller krav til kommunal renovasjon blir endra slik at heimekompostering blir uhensiktsmessig. Det same gjeld viss kommunane vel å ikkje støtte ordninga i gebyrforskrifta

• Abonnenten kan slutte med heimekompostering med ein månads varsel til SUM. Ved avslutting av heimekompostering inngår abonnenten i den ordinære renovasjonsordninga med ordinært gebyr og krav om sortering. Abonnent plikter å melde frå om dette utan ugrunna opphald

• En kompostavtale med SUM er personleg og følger ikkje med ved eventuelt sal av eigedommen

• Naboar kan inngå felles kompostavtale. Felles heimekompostering, kor man deler komposteringsbehaldar, har som føresetnad at naboane har felles eigedomsgrense og at avstanden mellom bueiningane ikkje er over 100 meter i luftlinje. Kompostbehaldaren må ha stor nok kapasitet og være lett tilgjengeleg for brukarane