Renovasjon i SUM-kommunane

Renovasjon i SUM-kommunane

Etter konkursen i RenoNorden AS lyste SUM ut ein konkurranse på innsamling og transport av avfall. Etter vurdering av innkomne tilbod har Sunnfjord Miljøverk IKS onsdag 27.9.2017 inngått avtale med NordRen AS om innsamling og transport av avfall i SUM-kommunane Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad, Førde, Jølster og Naustdal. Avtalen varer fram til 31.3.2019. Alle ruter blir køyrd som før. NordRen AS overtar materiell, lokalar og personell som vart nytta av RenoNorden. Det blir same ruter og tømmefrekvens som tidlegare. Avtalen startar 29.9.2017 og alle ruter blir då køyrd som før, av same personell, med dei same bilane. SUM håpar og trur at overgangen til ny leverandør går saumlaust og utan merknad for våre abonnentar.

Vår renovatør RenoNorden er konkurs

Renovasjonsrutene vil gå som vanleg fram til 28.september. Til den tid håpar vi at ny avtale er på plass. Eit utdrag frå bustyrar under:

Boet vil søke å tilrettelegge for at virksomheten i det norske datterselskapet RenoNorden AS kan fortsettes i en overgangsperiode til og med den 28. september 2017, mens det arbeides for enoverdragelse av kundekonktrakter og kjøretøyer mv. De enkelte kundene vil kontaktes direkte av boet vedrørende de nærmere vilkår for fortsatt drift i en slik overgangsperiode.

Parkslirekne og andre svartelista planteartar.

Dersom de ønskjer å levere svartelista hageavfall (Parkslirekne m.f) må dette leverast separat (ikkje blanda med anna hageavfall eller anna avfall). Informer operatøren når de kjem til gjenvinningsstasjonen om kva avfall de har med. Avfallet skal i container for (brennbart) restavfall.

Her finn de meir om svartelista planteartar: http://www.sum.sf.no/svartelista-planteartar/

Ledig stilling SUM; Vedlikehaldsoperatør.


Stillingsstorleik; Mellom 100 og 60% aktuelt for rett person

Arbeidsoppgåver / om stillinga:

  • Sveise/metallarbeid maskiner-containarar, malingsflikking
  • Generelt vedlikehald, inkludert rydding
  • Rettleiing på gjenvinningsstasjon, publikumskontakt
  • Førefallande arbeid, inkludert å hjelpe til på SUMs gjenvinningsstasjonar utanfor Einestølen

Arbeidsstaden er normalt Einestølen
I SUM må alle rekne med å gå inn i andre sine arbeidsoppgåver.
Kunnskap er viktig – tilsette får internopplæring og kurs lokalt og rundt om i Norge.

Viktige føresetnader:

  • Dokumentert kompetanse og erfaring på «varmt arbeid»
  • Forstå at avfall kan vere farleg, skal handterast som risikoprodukt
  • God norsk tale for å kunne rettleie.
  • God til å rettleie og svare på spørsmål, høfleg og bestemt framferd
  • Påliteleg og stabil
  • Evne og vilje til å setje seg inn i, forstå og etterleve reglane i avfallsbransjen og arbeidslivet

Truck/maskinførarbevis er ikkje krav, likevel + til dei med slik fagkunnskap
Prøvetid 6 mnd. Løn etter avtale
Send kortfatta søknad, beskriv erfaring og opplæring, CV. Oppgi ønskje om stillingsstorleik.
Oppgi referansar og når du kan starte i jobben.


SUM er offentleg bedrift, søkjarlista er normalt offentleg. Om «unntatt offentlegheit» vert ønskt; Oppgi grunn i søknaden. Vitnemål og attestar skal ikkje vedleggast søknad, dette kjem vi tilbake til for dei som er aktuelle.


Kontaktperson 6.og 9. og 13. mai 2016; dagleg leiar Håkon Grepstad, tlf. 90544754
Søknadsfrist: 18. mai 2016


Det er ønskjeleg at søknaden vert sendt elektronisk til e-post haakon.grepstad@sum.sf.no

Sunnfjord Miljøverk IKS
Dagleg leiar Grepstad
Einestølen
6815 Førde

Asbesthaldig materiale

SUM ber alle vere særskilt merksame på at asbesthaldig materiale skal behandlast varsamt for å redusere helsefare.

Bruk Arbeidstilsynets faktaside; http://www.arbeidstilsynet.no/fakta.html?tid=78164/

  •  Konstruksjonar med eternitt- eller andre asbestplater må handterast slik Arbeidstilsynets regelverk krev
  • Asbesten skal leverast til lovleg mottak med særskilt løyve, til dømes til Sunnfjord Miljøverk
  •  Det er ulovleg å grave ned asbest på eigen eller annanmanns grunn
  • Ta kontakt med kommunen eller SUM for å få råd
  • Kommunen og Arbeidstilsynet kan gi pålegg