Hopp til hovedinnholdet →

Årleg henterunde for farleg avfall

No er tida inne for å rydde boda og garasjen for gammal maling, tomme sprayboksar og andre ting som blir klassifisert som farleg avfall.

Alt du ser på bilde over her er klassifisert som farleg avfall. Dette må du ikkje kaste i restavfallet, men levere på ein gjenvinningsstasjon eller på den årlege henteruta vår. Foto: Photoevent

I månadsskifte mai/juni køyrer vi den årlege henterunda for å samle inn farleg avfall i grendene rundt omkring. Dette er ein tilleggsteneste som er inkludert i det årlege gebyret du som kunde betalar til Sunnfjord Miljøverk.

 

For å levere farleg avfall til bilen må du

  • Møte opp personleg

  • Sørge for god merking av det du skal kaste dersom det ikkje er i originalemballasje (bruk tusj og skriv kva innhaldet er)

  • Ha med avfall som vi kan laste på bilen utan bruk av maskiner

Vi kan dessverre ikkje ta imot store mengder avfall per person. Dersom du har mykje du vil kaste, ber vi om at du leiger ein konteiner eller leverer det farlege avfallet på ein av gjenvinningsstasjonane våre.

 

Næringsdrivande må gje beskjed i forkant

Næringsdrivande kan også levere mindre mengder farleg avfall på ruta. Meld inn til Kjell Bu seinast to arbeidsdagar før ruta går. Tlf: 905 02 589 eller e-post kjell.bu@sum.sf.no.

Hugs at du må deklarere avfallet i forkant. Skjema og informasjon om dette finn du på nettsida www.avfallsdeklarering.no.

 

Dette kan du levere på denne henterunda:

Spillolje, oljefilter, løysemiddel, maling, sprayboksar, kvikksølv, oppladbare batteri, plantevern, herdar, syrer, basar, vaskemiddel, tjære, styren, bilbatteri og brannslukningsapparat.

Dette kan du ikkje levere på denne henterunda

Tomme malingsspann, tomme oljekanner, blanda avfall/restavfall, treverk, plast, flasker, metall, drikkekartong, hageavfall, EE-avfall (elektrisk), kuldemøblar, eksplosiver, sterkt reaktive stoff, smittefarleg avfall, biologisk avfall, radioaktivt stoff, stikkande/skjærande avfall (sprøyter osv.), CCA-impregnert, PCB- og klorparafin-vindauge, asbest.

 

Er du i tvil om kor du skal levere desse avfallstypane? Ta kontakt med oss på telefon 57 72 41 50, så skal vi hjelpe deg.

Dersom tidspunktet ikkje passar for  deg, er du velkommen innom ein av gjenvinningsstasjonane våre.