Hopp til hovedinnholdet →

Alle dunkar skal merkast med elektronisk brikke

I samband med utdeling av matavfallsdunkar skal alle dunkar merkast med ei elektronisk ID-brikke og ein etikett med strekkode.

Vi har samla dei vanlegaste spørsmål og svar i samband med merkinga under

  • RFID står for Radio Frekvens Identifikasjon, og kommuniserar gjennom radiosignal med ein mottakar på renovasjonsbilen. Kvar RFID-brikke har ein unik kode, og det er denne koden som saman med strekkoden på behaldaren din, vil identifiserer deg som kunde.

  • Ved å merke behaldaren vil ein få betre oversikt over renovasjonen, kundane og kvar behaldar, samstundes som ein sikrar kvalitet og kontroll på ein meir føremålstenleg måte.

    Etterkvart som vi vinn erfaringar ID-merkinga, vil det skje endringar i gebyrmodellen ved at ein betalar for tal tømmingar av restavfall og matavfall.

  • I samband med utdeling av matavfallsdunkar skal alle dunkar merkast med ei RFID-brikke og ein etikett med strekkode. Alle behaldarar må difor stå synleg ved eigedomen til behaldaren er blitt merka.

    RFID-brikkene og etikettane vert påført behaldarane av personalet vårt. Det vert varsla med ei tekstmelding/SMS i forkant av montering hos dei adressene dette gjeld.

    RFID-brikka vert montert på behaldaren og etiketten med strekkode vert klistra på.

  • I første omgang er det eit pilotområde i Naustdal ein vil starte med utsetjing av ny dunk til matavfall og merking av dunkar. Dette skjer frå veke 2 i 2022 (10. januar). Når ein er ferdig med pilotområdet vil ein utover i 2022 halde fram med utsetjing og merking av dunkar i resterande områder i Sunnfjord, Fjaler, Askvoll og Hyllestad.

    Du vil bli varsla med ei tekstmelding/SMS i forkant av merking i ditt område.

    Vi startar tømeregistreringa så snart merkinga er ferdig i kvar kommune, men gebyr vil ikkje verte endra i 2022. Det er først i løpet av 2023 at ny gebyrmodell vert innført. Du vil få informasjon om ny gebyrmodell, og du vil bli varsla med SMS når endringa trer i kraft i ditt område.

  • Ny gebyrmodell inneber ei differensiering av renovasjonsgebyret gjennom ein grunnpakke og ein variabel del. Tal tømingar vil bli lagt til grunn for det du betalar utover grunnpakken. Dette vil mellom anna gje deg som kunde:

    • Meir rettferdig prising ved at den som lagar mykje avfall, betaler mest

    • Valfridom på tømefrekvens

    • Auka fokus på kjeldesortering

    • Fokus på avfallsreduksjon

    Erfaringane med ny prismodell er at kjeldesortering aukar, medan restavfallsmengda minkar.

    Ettersom dei som kjeldesorterar har behov for å tøme restavfallet sjeldnare, er den nye modellen i tråd med myndigheitene sine krav; den som lagar mykje avfall skal betale meir enn den som lagar lite avfall.

  • Foreløpig er ein inne i ein pilotfase som kun omhandlar eit avgrensa område. Det vil såleis ikkje verte endringar på renovasjonsrekninga i 2022. Først når merkinga er ferdig i sin heilskap, vil det bli endringar i gebyrmodellen. Ein vil bli varsla på tekstmelding/SMS og få nærare informasjon i brev før endringa trer i kraft.

  • Ved tøming vert RFID-brikka automatisk lest av med ein sensor på renovasjonsbilen når dunken vert tømd. Informasjon vert sendt til SUM sitt kundesystem.

    Ved kvar tøming på renovasjonsbilen blir følgjande data registrert automatisk:

    - Behaldartype og -storleik

    - RFID-nummer, og dermed naudsynte opplysningar om kunde

    - Dato og klokkeslett

    - Geografisk posisjon (GPS-posisjon

    Verdt å merke seg er at det ikkje vil bli registrert mengd eller kva type avfall i behaldaren som vert tømd.

  • Renovasjonsbilen vil som før hente restavfallet kvar veke fram til ny gebyrmodell trer i kraft. Du kan velje om vi skal tøme behaldaren eller ikkje. Om behaldaren ikkje er teke attende til eigedomen, vil den bli tømd. Papir og plast vert henta kvar fjerde veke som tidlegare, eller du kan levere til returpunkt som før.

    NB! Ikkje start opp med å sortere matavfall i matavfallsdunken før du får melding frå oss om at du kan gjere det.