Hopp til hovedinnholdet →

Den årlege henterunda - Farleg avfall 2023

På runda vert farleg avfall frå abonnentar teke med. I tillegg kan næringsdrivande som har høve til å møte opp langs ruta levere farleg avfall til hentebilen mot betaling. Då skal leveransane vere melde inn til SUM v/driftsleiar Kjell Bu minst 2 dagar på førehand, tlf. 90 50 25 89 eller e-post kjell.bu@sum.sf.no 

Døme på avfall som ikkje kan leverast på bilen på henterunda:

Blanda avfall/restavfall, Treverk, Plast, Flasker, Metall, Drikkekartong, Hageavfall, EE-avfall (elektrisk), Kuldemøblar. Eksplosivar, Sterkt reaktive stoff, Smittefarleg avfall, Biologisk avfall, Radioaktivt stoff, Stikkande / skjærande avfall (sprøyter mv). Det vert kravd at den som skal levere, personleg møter fram og leverer til operatøren på bilen. Hugs at det du leverer skal vere merka. Dersom du ikkje har originalemballasje: Bruk tusj og skriv kva innhaldet er.

Døme på farleg avfall som kan leverast på henterunda:

Spillolje, Oljefilter, Løysemiddel, Maling, Sprayboksar, Kvikksølv, Oppladbare batteri, Plantevern, Herdar, Syrer, Basar, Vaskemiddel,
Tjære, Styren, Bilbatteri.

Henterunda blir køyrd i mai/juni kvart år.