Hopp til hovedinnholdet →

Vant i Returkartonglotteriet

Linda Fleten Snekkevåg har sortert kartongar riktig i fleire år. No har det lønna seg. Foto: privat

Linda Fleten Snekkevåg gjorde ein jobb for miljøet og blei 10 000 kroner rikare.

— Dette var ufatteleg kjekt! Tenk at det går an å vinne så mykje pengar utan å betale for å ta lodd. Det er jo heilt fantastisk, seier den ferske vinnaren frå Fure. 

Returkartonglotteriet har eksistert sidan 1997. Kvart år blir det trekt ut heile 124 vinnarar som delar ein pott på til saman 1,6 millionar kroner. I februar blei Linda sin kartong plukka opp frå mengda.

— Eg har skrive namn og telefonnummer på kartongane i 1-2 år, men må innrømme at eg ikkje har hatt trua på å vinne. I tillegg har eg vore usikker på om ordninga faktisk gjeld endå. Derfor var det ekstra kjekt då eg fekk telefonen, seier den glade vinnaren.

Friska opp både kjøkken og bil

Snekkevåg jobbar på Fjaler sjukeheim. Ho kan fortelje at ho er oppteken av miljøet både på arbeidsplassen og på heimebane.

— Sortering er viktig og eg pleier alltid å sjekke kva som skal kor før eg kastar det. Dette er eg også oppteken av på jobb. Det er kanskje nokon som syns eg masar litt, men det må dei berre tole, ler ho.


Gevinsten er utbetalt og pengane har allereie kome godt med.

— Bilen fekk seg storservice og så har eg fått meg nye kjøkkenstolar. Resten går inn i matbudsjettet.

Lettente pengar

Totalt blir det gjenvunne 12.000 tonn drikkekartong kvart år. Å gjenvinne brukte kartongar er langt mindre energikrevjande enn å produsere papir frå nytt trevirke. Derfor er gevinsten stor når folk leverer drikkekartongane i retur.  No er det heller ingen krav om å lage kubbe for å vinne toppgevinsten, men ein kan skrive namn på kvar enkelt kartong.

— Det er jo litt jobb med det, men det er lettente pengar. Denne premien gav meg i alle fall meirsmak til å fortsette å skrive namn og telefonnummer på kartongane, seier den heldige vinnaren.

— Dette var rett og slett utruleg stas. Eg er heilt overvelda og kjem utan tvil til å fortsette å sortere framover.

Fortsett å sortere - det er pengar å hente

 — Returkartonglotteriet er ei super ordning for å få samla inn tomme kartongar. Vi har fått høyre at det er fleire som er usikre på om ordninga eksisterer enno. Med ein fersk vinnar i nærleiken håpar vi at vi har fått stadfesta det, seier Marie Tefre Birkeland, som er kommunikasjonsrådgjevar i Sunnfjord Miljøverk.

Drikkekartongar er laga av jomfrueleg fiber. Det vil seie at det er første gong materialet er i bruk. Derfor kan fibrane i ein innlevert drikkekartong ha sju-åtte liv framfor seg, i forhold til dømes ein pizzakartong eller eska til frukostblanding.

— Det er jo hovudsakleg miljøet som vinn på denne ordninga, men det er ein stor bonus å kunne lokke med ein potensiell pengepremie til dei som vil sortere. Og så er det jo ei spenning med det. No håpar vi at endå fleire vel å skrive namn og nummer på kartongane sine framover. Er vi heldige kan vi få ein ny vinnar allereie i neste kvartal, avsluttar Birkeland.

Dette er Returkartonglotteriet

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet – privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6  millionar kroner. Det er fordelt på premiar på 10 000 kroner, og fire premiar på 100 000 kroner.

  • Skriv namn og nummer på kartongen, og legg den i dunken for papir.

  • Kartongar trekkast frå 84 forskjellege plassar i landet. Kvar plass skal trekke mellom 1 til 7 kubbar eller enkeltkartongar avhengig av innbyggartal. Til saman maks 188 kvart kvartal. Kubbane eller enkeltkartongane går vidare til nasjonal trekking.

  • Det er Grønt Punkt Norge som står bak ordninga.

Kva skjer med kartongane?

  • Utsortert drikkekartong blir pressa til ballar og vert selt til papirfabrikkar.

  • Kartongane vert kverna opp og tilsett vatn. Papirfibrane reinsast, tromlast og pressast, og blir til nye papp – og papirprodukt med minimalt bruk av kjemikaliar.

  • Innsamlingsmålet for drikkekartongar er å oppnå så høg gjenvinningsgrad som mogleg for å redusere miljøavgifta.