Hopp til hovedinnholdet →

Farleg avfall - henterunde

I mai/juni køyrer vi vår årlege henterunde for farleg avfall. Då har vi stoppestader forskjellege plassar i kommunane. Dette er eit tilbod for privatkundar. Dersom næringsdrivande har moglegheit til å møte opp langs ruta, kan dei få levere farleg avfall til hentebilen mot betaling. Dette må vere meldt inn til Kjell Bu (driftsleiar, SUM) seinast to dagar i forkant. Tlf. 90 50 25 89 eller e-post kjell.bu@sum.sf.no 

Døme på avfall som ikkje kan leverast på bilen på henterunda:

Blanda avfall/restavfall, Treverk, Plast, Flasker, Metall, Drikkekartong, Hageavfall, EE-avfall (elektrisk), Kuldemøblar. Eksplosivar, Sterkt reaktive stoff, Smittefarleg avfall, Biologisk
avfall, Radioaktivt stoff, Stikkande / skjærande avfall (sprøyter mv). Det vert kravd at den som skal levere, personleg møter fram og leverer til operatøren på bilen. Hugs at det du leverer skal vere merka. Dersom du ikkje har originalemballasje: Bruk tusj og skriv kva innhaldet er.

Døme på farleg avfall som kan leverast på henterunda:

Spillolje, Oljefilter, Løysemiddel, Maling, Sprayboksar, Kvikksølv, Oppladbare batteri, Plantevern, Herdar, Syrer, Basar, Vaskemiddel,
Tjære, Styren, Bilbatteri.

Henterunda blir køyrd i mai/juni kvart år.