Hopp til hovedinnholdet →

Er du vår nye logistikk- og transportsleiar?

Vi søker deg som vil vere ein nøkkelperson i Sunnfjord Miljøverk med det overordna ansvaret for transport og logistikk. Du vil ha det operative ansvaret for dotterselskapet SumTrans og vere ein del av leiargruppa i Sunnfjord Miljøverk.

Kven er du?

Du er ein person med trygg og klar leiarstil. Du må trivast med å jobbe sjølvstendig og effektivt, og like å komme opp med gode og gjennomtenkte løysingar.

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge og gjennomføre transport- og logistikkoppdrag

  • Kartlegge og optimalisere Sunnfjord Miljøverk og SumTrans sine logistikktenestar

  • Samarbeide tett med kollegaer/avdelingar og eksterne partar/leverandørar

  • Personalansvar i eiga avdeling

  • Følge opp kvalitets- og prosessavvik innan eige ansvarsområde

  • Sikre at vi imøtekjem lokale og nasjonale retningslinjer og renovasjonsforskrift/rettleiar

  • Delta aktivt i innkjøpsprosessar

  • Delta aktivt i relevante nettverk

Kvalifikasjonar

  • Gode leiareigenskapar med evne til å engasjere, motivere og rettleie

  • Relevant utdanning og/eller erfaring innan logistikk- og økonomifag

  • Der er ein fordel med erfaring frå transport- og logistikkbransjen

  • Du tek eigarskap til oppgåver og evner til å sjå moglegheiter

  • Gode kommunikasjonsevner

  • Gode it-kunnskapar

Vi tilbyr

  • Trygg jobb i ein bransje i utvikling, og ein arbeidsplass i vekst

  • Konkurransedyktige vilkår og KLP-pensjon

  • Kompetanseheving: deltaking på kurs og konferansar, nettverksbygging og moglegheit til å hospitere hos andre renovasjonsselskap

Sunnfjord Miljøverk (SUM) har eit givande samfunnsoppdrag. Saman med dotterselskapet SumTrans, skal vi sikre gode avfallsløysingar i Askvoll, Fjaler, Hyllestad og Sunnfjord kommune. Akkurat no er det 18 sjåførar som held hjula i gong på SumTrans, og 23 tilsette som jobbar innan drift, renovasjon, økonomi, HR og kommunikasjon hos SUM.

Hovudanlegget ligg på Einestølen (mellom Førde og Naustdal). I tillegg har vi fem ytre gjenvinningsstasjonar. Både SUM og SumTrans har kontorlokaler i Førde sentrum. Samspelet mellom selskapa er viktig. Saman skal vi samle inn avfallet i kommunane, og sørge for at det vert sortert og handtert riktig slik at mest mogleg blir gjenvunne og får ny verdi.

Slagordet «avfall på rett veg» underbygger dette. Vi hentar avfall i alle krinkar og krokar, og sørger for at det hamnar på riktig stad til slutt. Målet er å redusere den totale avfallsmengden for å nå EU sine klimamål. Vi får stadig nye krav og retningslinjer som vi må forhalde oss til. Det betyr at vi heile tida må tenke nytt og finne smarte og gode løysingar for å imøtekomme desse krava. Derfor kan vi trygt seie at vi har ein interessant og utviklande arbeidskvardag.

Om du har spørsmål eller vil høyre meir om stillinga, må du gjerne ta kontakt med Tore Dvergsdal på e-post eller tlf: 951 98 501.

Hugs å søke innan 15. april.