Hopp til hovedinnholdet →

Vil de komme på skulebesøk?

Har klassen din lyst til å lære meir om kjeldesortering og sjå korleis ein gjenvinningsstasjon ser ut? Då er de hjerteleg velkomne til oss på Einestølen. Der vil de få eit kort foredrag om kvifor det er viktig å sortere avfallet sitt og kva som skjer vidare med avfallet etter det er levert hos oss.  

Det er ein fordel om de har hatt om kjeldesortering i undervisninga i forkant. Her kan vi anbefale Loop sitt undervisningsopplegg. På Loop sine heimesider kan de bestille gratis undervisningsmateriell som de kan nytte i undervisninga.

Ønsker de å komme på besøk til oss? Ta kontakt, så skal vi finne eit passande tidspunkt.