Hopp til hovedinnholdet →

Returkartonglotteriet

Hugs å skrive namn og telefonnummer på kartongane før du kastar dei i papiravfallsdunken. Då kan du vinne store pengepremiar.

Alle som vil kan delta i Returkartonglotteriet – og alle kan vinne. Både privatpersonar, organisasjonar, barnehagar, idrettslag og så vidare.

Opplegget er enkelt:

  • Skyll kartongen og press den flat.

  • Skriv på namn og telefonnummer på den du vil skal vinne.

  • Kast den saman med papp og papir i den dunken med blått lokk.

1 kartong = 1 lodd.

Tidlegare måtte du lage «kubbar» med sju kartongar for å vinne hovudpremien på 100 000 kroner. Slik er det ikkje lengre.

Det er Grønt Punkt Norge som arrangerer lotteriet, men vi i Sunnfjord Miljøverk har ansvar for å trekke lodd, altså kartongar, frå vår stasjon. Dei sender vi inn til nasjonal trekning.

Totalt vert det trekt ut premiar på heile 1,6 millionar årleg. Det blir fordelt på 120 premiar på 10 000 kroner, og fire hovudpremiar på 100 000 kroner.

Hugs å sortere riktig! Det er bra for miljøet, og potensielt veldig bra for eiga lommebok.

Les meir om ordninga på Grønt Punkt Norge si heimeside.