Hopp til hovedinnholdet →

SUM-sekk når du AV OG TIL har for lite volum

Hugs! Overfylte dunkar vert ikkje tømt. Avfall oppå eller ved sida av dunk vert ikkje teke med. SUM tilbyr «naud-ventil» / SUM-sekk til dei som ein sjeldan gong har så mykje avfall at det ikkje er plass i vanleg dunk. Bestill SUM-sekk i god tid når du trur at du kjem til å ha meir avfall enn dunken rommer! Sekker vert postsendt til dei som har SUM-abonnement. Du kan også kjøpe sekk på gjenvinningsstasjonen i
opningstida. Sekken skal nyttast til brennbart restavfall; Skal setjast ut saman med dunken på tømedato. 

  • Du kontaktar SUM på telefon eller e-post.

  • Gje opp kor mange sekker du treng; 140 liter/stk., om lag same volum som ein vanleg dunk.

  • SUM sender sekker inkludert faktura, kr. 125/stk. inkl. mva.