Hopp til hovedinnholdet →

Nye reglar på gjenvinningsstasjonane

Frå 1. juni er det ikkje lengre mogleg å levere avfall i mørke eller svarte sekkar på gjenvinningsstasjonane til Sunnfjord Miljøverk.  

 

—    Vi vil påpeike at endringa ikkje vert innført for å gjere det vanskeleg for kundane, men for å få betre kontroll over kva som blir levert inn hos oss og dermed sikre betre sortering, seier Tore Dvergsdal, som er dagleg leiar i Sunnfjord Miljøverk.    

I snitt har gjenvinningsstasjonane i Sunnfjord besøk av nærmare 55 000 kundar i året. Det er enorme mengder avfall som kjem inn, og innføring av gjennomsiktige sekkar er eit konkret grep på å sikre at dette avfallet blir sortert riktig.

—  Vi er sjølvsagt på staden for å hjelpe kundane, men det er utfordrande når vi ikkje ser kva som ligg i sekkane. Mange har samla avfall over fleire månadar eller år. Då er det fort gjort å gløyme det som ligg i botnen av sekken, forklarar Dvergsdal.    

Sorter slik du vil – så lenge innhaldet er synleg

Dei nye reglane gjeld alle typar avfall, også kjeldesortert avfall og hageavfall. Vi oppmodar til å bruke éin sekk per avfallstype. Det er sjølvsagt i orden å levere avfallet i ein open tilhengar eller på andre måtar der avfallet er synleg.

—    Poenget er at operatørane skal få oversikt over det som blir levert, og saman med kunden sortere i riktig konteiner på gjenvinningsstasjonen . Vi veit at farleg avfall og elektronikk ofte vert kasta i restavfallet, noko som i verste fall kan føre til brann. Med betre oversikt over innhaldet, får vi sortert dette riktig frå starten av. Dette vil også gjere arbeidskvardagen til dei tilsette tryggare.

Plastsekkar kan du kjøpe i butikkane

Gjennomsiktige plastsekkar får du kjøpt hos dei fleste daglegvarebutikkar og byggevareforhandlarar rundt om. Vi påpeiker at SUM-sekkane til plastemballasje ikkje skal brukast til anna avfall enn plast.  

—    Dette kjem vi til å vere strenge på. SUM-sekkane er spesiallaga til plastsortering, og dei skal berre nyttast til det formålet. Vi kjem ikkje til å ta imot avfall som er sortert i desse sekkane med mindre dei inneheld plast.

Meir til gjenvinning

EU stiller krav om 65 prosent materialgjenvinning innan 2035. Då er det viktig at vi sorterer riktig i alle ledd. Dei siste åra har mange renovasjonsselskap innført krav om gjennomsiktige sekkar på gjenvinningsstasjonane sine, med stor suksess.

—    Dei melder om tryggare og enklare kvardag for operatørane, meir riktig sortering og høgare grad av materialgjenvinning, altså at avfallet vert om til nye råvarer og nye produkt.

Det tar tid å endre vanene til folk, og det har vi forståing for. Derfor vil vi gradvis fase ut dei svarte sekkane som mange brukar i dag.

—    Vi oppmodar alle om å allereie no å starte sortering i gjennomsiktige sekkar, avsluttar Dvergsdal.