Hopp til hovedinnholdet →

Bli med på ryddeaksjon!

Eit sikkert vårteikn er at det dukkar opp boss i naturen i takt med snøsmelting. Derfor inviterer Hold Norge Rent til nasjonal ryddedag 16. mars.

Målet med Vårryddedagen er å ha ein felles ryddedugnad når bosset kjem fram etter vinteren. Kvart år bidreg Vårryddedagen til å fjerne store mengder avfall frå norsk natur, før ferdselsforbundet trer i kraft 15. april.

Rydd i ditt nærområde

Rydd langs elvar, i fjorden, på stranda, i skogen eller kor enn du måtte ønske. Poenget er å få fjerna mest mogleg avfall som ligg rundt omkring i naturen. Samle saman venner, kollegaer, familien eller kanskje naboen, og bli med på dugnad.

 

Bruk det du har heime

Det er dessverre leveringsvanskar med materiell, men bruk det du har heime. Ein berepose eller plastsekk gjer susen! Alt som vert samla inn kan de levere gratis på gjenvinningsstasjonane våre. Fint om de plukkar bosset i gjennomsiktige sekkar. Då får vi betre oversikt over innhaldet i sekkane.

 

På Hold Norge Rent sine heimesider kan du lese meir om Vårryddedagen 2024.