Hopp til hovedinnholdet →

Kulda skapar tømmetrøbbel

Godt tips: Harald Nyland er renovasjonsansvarleg i Sunnfjord Miljøverk. Han tipsar om å legge papp i botnen av dunken for å unngå at innhaldet frys fast.

Mange kundar slit med at avfallet frys fast i botnen av dunken i den bitande kulda. Det skapar store utfordringar ved tømming.

 

Dette er eit problem som går igjen kvart einaste år. Avfallet frys fast i botnen av dunken og abonnentane står igjen med halvtømte dunkar. I år er utfordringa endå større sidan vi også har innført sortering av matavfall, seier Harald Nyland, som er ansvarleg for renovasjon i Sunnfjord Miljøverk.

 

Etter at gradestokken sank til under frysepunktet har renovatørane gitt tilbakemeldingar på at dette er eit aukande problem. Heldigvis finst det tips som abonnentane kan prøve.

– Vi kan anbefale å legge ei avis, eggkartong, bark eller flis i botnen på dunken. Generelt er det lurt å la avfallet tørke mest mogleg før ein hiv det i avfallsposane. Om vinteren er dette ekstra viktig nettopp for å unngå at det skal fryse, påpeiker Nyland.

Manuell sortering

Han legg til at dette ikkje er ein optimal løysing og at heile renovasjonsbransjen ser etter betre løysingar på denne problemstillinga.

– Eggkartong og avispapir skal jo ikkje i matavfallet så dette medfører ekstra arbeid for operatørane våre på Einestølen. Det blir ein manuell jobb for å sortere ut det som ikkje høyrer heime. Hovudoppgåva vår er å få tømt dunkane til abonnentane og då må vi rett og slett ta oss tid til dette ekstraarbeidet, seier han.

 

HMS er førsteprioritet

Grunna helsemessige omsyn har ikkje renovatørane lov til å ta i innhaldet i dunkane. Dei kan heller ikkje sparke og slå i det, for då kan dei sprekke i kulda.

– Renovatørane våre gjer så godt dei kan. Vi ber om forståing for problemstillingane som vi presenterer her og håpar at tipsa kan hjelpe, seier Nyland.

 

Hugs fri ferdsel

Nyland påpeiker endå ein ting som er verdt å merke seg no gjennom vinteren.

– Vi ønsker å gje ei venleg påminning om at det er abonnentane sjølv som er ansvarleg for å måke snø og strø på private vegar. For at renovatørane våre skal få tømt dunken er det viktig med fri ferdsel, avsluttar han.