Hopp til hovedinnholdet →

Her er vår nye leiar

Tore Dvergsdal startar året med ny jobb hos Sunnfjord Miljøverk.

No har eg vore innom helse, bank og media, og eg er sikker på at eg klarar å lære meg ein bransje til før eg gir meg. Det sa Dvergsdal, då han presenterte seg sjølv for dei tilsette i Sunnfjord Miljøverk i dag.

Vidare sa han at han vil sette av god tid i starten på å bli kjend med kvar enkelt tilsett, og ikkje minst med den spennande bransjen han no skal inn i.

— Eg er ein utolmodig person som er glad i framdrift. Sunnfjord Miljøverk har stort potensiale, og eg ser fram til å sjå strategisk framover saman med både styret og dei tilsette som jobbar her.

Fornøgde typar: Grim Erik Gillestad, som er styreleiar i Sunnfjord Miljøverk, saman med påtroppande dagleg leiar, Tore Dvergsdal.

Fornøgd styreleiar

— Vi er glade for å få Tore med på laget. Han er kjend for å vere omstillingsdyktig, samfunnsengasjert og sterkt motivert for nye utfordringar, seier Grim Erik Gillestad, som er styreleiar i selskapet.

Dvergsdal har vore administrerande direktør i Firda, klinikkdirektør i Helse Førde og konserndirektør i Sparebanken Vest.

— Hans tilnærming til leiing og solide leiarerfaring blir sett på som verdifulle og sentrale eigenskapar i arbeidet med å vidareutvikle organisasjonen. No blir det viktig å jobbe målretta i tråd med strategien, sikre ein god organisasjon og drive kostnadseffektivt, seier Gillestad.

Han legg til at styret ser fram til å arbeide tett saman med Dvergsdal for å realisere dei ambisiøse måla for selskapet.

 

Dvergsdal tek over stillinga etter Henning Tjørhom, som gjekk av i juni i fjor. Bodil Øvretveit har fungert som dagleg leiar i mellomtida.

Dvergsdal startar i stillinga 1. februar.