Hopp til hovedinnholdet →

Prisar og informasjon om dunken din

Ta kontakt med oss dersom

  • Dunken din ikkje er tømt

  • Du har tilbakemelding til sjåføren på renovasjonsbilen

  • Du vil endre størrelse på dunken din

  • Du har andre spørsmål rundt abonnementet ditt

Ved flytting: Dunken din er knytt til gards-og bruksnummer. Det vil seie at dersom du skal flytte, skal du la dunken stå igjen. Dersom du manglar dunk på den nye adressa di må du ta kontakt med oss.

Vi sender faktura to ganger i året (februar/mars og september).

I abonnementet får du:

  • Tømming av restavfall og matavfall anna kvar veke.

  • Tømming av papir og plast kvar fjerde veke.

  • Levering av lausøyre (syklar, verktøy, treningsutstyr) frå bustaden til gjenvinningsstasjonane utan ekstra betaling.

  • Levering av farleg avfall til gjenvinningsstasjonane

  • Innlevering til årleg henterunde

  • Bruk av returpunkt/emballasjemottaka

Utleige? Då er du pliktig å ha fleire enn eitt abonnement.

Alle som leiger ut hus/leiligheit eller hyblar skal ha meir enn eit abonnement.

Ei gebyrpliktig eining er

  • Sjølvstendige husvære med kjøkken og toalett

  • Hybelleiligheit

  • Inntil tre hyblar med felles kjøkken og toalett (fire hyblar gir dermed to gebyrpliktige einingar).

Dersom det blir oppdaga at du ikkje oppgir utleige, kan du rekne med å måtte betale for tidlegare år.

For meir informasjon sjå renovasjonsforskrifta.

For å gjere endringar på abonnementet ditt ta kontakt via våre webskjema