Hopp til hovedinnholdet →

Koronavirus

Avfallsbransjen er ein del av samfunnskritisk infrastruktur iht DSB og i ei smittesituasjon er det spesielt viktig at avfallsinnsamling og avfallsbehandling går som normalt.

Vi på SUM fylgjer Folkehelseinstituttet sine anbefalingar om å begrense koronaviruset. Vi ynskjer å halde både våre tilsette og besøkande friske.
Vi ber derfor våre besøkande om å ta fylgjande hensyn:

  • Dersom mogleg send oss e-post eller ta ein telefon til oss i staden for personleg oppmøte, der det kan løysast.

  • Vi oppmodar om å utsette besøk til gjenvinningsstasjonen som kan vente til seinare.

  • Gjenvinningsstasjonane held open som normalt, men det kan endre seg.

  • Informasjon om eventuelle endringar vert publisert på Facebook og på heimeside.

 

Takk for de bidreg til nasjonal dugnad.