Sunnfjord Miljøverk Iks

Einestølen / Hesjedalen

Nyinnvestert kvern for treverk og grovavfall på plass i Hesjedalen.

 

 Alt treverk som kjem inn ( mellom 2ooo og 3ooo tonn pr år ) blir kverna og kompostert i lag med septikslammet som kjem inn frå alle SUM kommunane, + noko slam frå andre kommunar.

 

Frå 1. april 2010 er det innført deponiforbud.

 

Ein del grovavfall må kvernast for å  utnytte lastevekta på bilane, som no skal køyre dette avfallet til forbrenning.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Nytt renseanlegg for sigevatn under bygging i Hesjedalen.

 

Entreprenør Magne Hafstad as  vann anbodet på bygging av renseanlegg for sigevatn. Renseanlegget skal vere ferdigstilt til 01. 05 2010

 

 

 

 

 ______________________________________

 

Anbod behandling

av restavfall:

SUM  er med i " Vestlandssamarbeidet " som består av 7 selskap.

Vestlandssamarbeidet har lagt ut felles anbod på: Behandling av restavfall. 

Karmøy kommune og avfallselskapa SIM, Fjellvar, NGIR, SUM, SIMAS og IHM skal hente inn felles tilbod på ulike alternativ for transport og behandling av restavfall. Det kan gjevast tilbod på denne tenesta for eitt, fleire eller alle selskap/kommunar. Totalt mengder restavfall frå hushalda er omlag på 45 000 tonn/år, medan dei totale mengdene restavfall frå næringslivet er på ca. 40 000 tonn/år. Kontraktane vil vare i 4 år med opsjon på 1 + 1 år.Ein kan få konkurransegrunnlaget ved å kontakte COWI v/Svein Sande (sos@cowi.no)

Klikk på Doffin

 

 _____________________________________________________ 

 

Den nye Komposteringsflata for kompostering av slam og treverk. Flata er totalt ca. 8000 kvadratmeter.

Den ferdige komposten blir brukt i ferdigstillinga av skråningar m.m. rundt deponiet.

 

 ___________________________________________________________

 

Kontroll av avfallsdeponi

Hesjedalen avfallsplass i Førde kommune var den best drivne når det gjeld mottak av restavfall i Sogn og Fjordane

Nov 2008

Inspeksjon
Fylkesmannen har i november gjennomført kontroll ved 4 avfallsplassar. To av plassane vil ha store utfordringar med å klare nye krav. Ingen av deponia har tilstrekkeleg kontroll med sigevatnet, og kontroll med utslepp av metan bør verte betre. Hesjedalen avfallsplass i Førde kommune var den best drivne når det gjeld mottak av restavfall.
Fylkesmannen har gjennomført kontroll med nye krav i utsleppsløyva for dei 4 avfallsplassane som har søkt om vidare drift etter juli 2009. Dei viktigaste kontrolltema var:
  • Mottakskapasitet og mottakskontroll
  • Om avfallet vert behandla, slik at berre restavfall som ikkje lett kan gjenvinnast vert deponert
  • Om gips vert fråsortert
  • Om reinseløysing for sigevatn er utarbeidd og planlagt ferdigstilt innan juli 2009
  • Om lekkasje av deponigass vert overvaka og nødvendige tiltak løpande gjennomført
  • Om nytt overvakingsprogram for sigevatn er utarbeidd, om sigevatn vert analysert tilstrekkeleg ofte og med minimum tal parameter og om prøvane vert tekne representativt
  • Om arbeidet med finansiell garanti vil stette minimumskrav
Kontrollane hadde noko ulikt fokus - avhengig av kor langt deponiansvarleg hadde kome i arbeidet med å gjennomføre nye krav.
 
Den vanlegaste feilen var mangel på sigevasskontroll, og manglande overvaking av og tiltak mot gasslekkasjar.
 
Dei to plassane Purkehola i Flora og Vedvika i Vågsøy vil ha store utfordringar og høvesvis store kostnadar for å klare nye krav. Det vil verte ytterlegare utfordringar for desse plassane når deponiforbodet mot nedbrytbart avfall trer i kraft.
 
Hesjedalen avfallsplass i Førde kommune og Festingdalen avfallsplass i Sogndal kommune var på kontrolldagane i god rute for å gjennomføre dei nye krava.