Svartelista planteartar

Spreiing av framande artar vert både globalt og nasjonalt sett på som ein av dei største truslane mot biomangfaldet. Mange av artane med høg risiko for å ta over stadeigne artar er importerte hageplantar som spreier frøa sine med vatn, vind eller ved flytting av jord og hageavfall. 

Her er ei brosjyre frå Statens vegvesen med nokre utbredte artar: Invaderende plantearter.

Dersom de ønskjer å levere svartelista hageavfall må dette leverast separat (ikkje blanda med anna hageavfall eller anna avfall). Informer operatøren når de kjem til gjenvinningsstasjonen om kva avfall de har med. Avfallet skal i container for (brennbart) restavfall.

Her er ein brosjyre om bekjempelse av Parkslirekne: Fagus

Har de spørsmål om svartelista artar kan Mattilsyenet eller Fylkesmannen i Sogn og Fjordane kontaktast.