Strandrydding

Vi har i samarbeid med Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane blitt med i ordninga til Kystlotteriet.  

Kystlotteriet er eit samarbeid mellom lokalbefolkninga, lokalt og regionalt næringsliv samt ulike sponsorar og samarbeidspartar som tar sikte på å rydde kystlina for marin forsøpling og gje det ny verdi gjennom premiering. Her finn de meir informasjon om kystlotteriet.

Slik gjer du

Ønskjer du å rydde ei strand? Dersom du ønskjer at vi skal hjelpe deg med å bli kvitt avfallet etterpå og du ønskjer å delta på lotteriet så må du registrere deg slik:

  • Gå inn på www.holdnorgerent.no
  • Registrer deg som brukar ved å klikke "logg inn" og linken "registrer deg" på viduet som dukkar opp.
  • På "min side" klikkar du "ny aksjon"
  • Zoom inn på kartet og finn stranda/vassdraget de ønskjer å rydde. Klikk i kartet og det dukkar opp eit nytt vindu.
  • Velg "opprette aksjon"
  • Fyll ut skjemaet
  • I feltet "knytt til organisasjon" er det viktig at de vel Sunnfjord Miljøverk IKS
  • Klikk «Opprett aksjon»
  • For å være med på lotteriet må de hente sekk og lodd på eit av utleveringspunkta under:
    • Gjenvinningsstasjonane: Einestølen, Flekke, Staurdalen, Skei, Sande, Olsetvikane.
    • Kommunehus: Askvoll, Gaular, Hyllestad, Jølster, Naustdal, Førde

Avfallet kan de levere på ein av gjenvinningsstasjonane. Dersom de har ein større aksjon; ta kontakt med SUM så lagar vi i felleskap ein plan for: handtering av avfallet, vidare registering av mengde og kva de har funne.

Har du spørsmål eller du ikkje får til å registrere deg kan du kontakte oss på e-post eller telefon.