Sorterings guide

 

Papir, kartong, papp, drikkekartong

I dunken med blått lok kastar du papp/papir og kubbar med drikkekartong. Julepapir og gåvepapir skal i restavfall. Hugs at loket må gå igjen dersom dunkene skal tømmast. Tømmekalendaren viser når dunkane skal tømmast og har med endringar ved heilagdagar. Abonnentane er ansvarleg for reinhald og stell av dunkane. SUM har kontrakt med RenoNorden om tømming av dunkane.

For tømmekalendar trykk her.

Restavfall

Dunken med grått lok skal nyttast til brennbart restavfall. Hugs at loket må gå igjen dersom dunkene skal tømmast.
Tømmekalendaren viser når dunkane skal tømmast og har med endringar ved heilagdagar. Abonnentane er ansvarleg for reinhald og stell av dunkane. SUM har kontrakt med RenoNorden om tømming av dunkane.

For tømmekalendar trykk her.

Plast

Vi tek i mot hushaldningsplast på våre gjenvinningsstasjonar. Dette kan du levere:

  • Bæreposer,andre plastposer
  • poser og folie fra emballerte produkter, herunder også laminerte produkter som kaffeposer, potetgullposer og lignende. 
  • Flasker og kanner i plast for matvarer,vaskemidler, sjampo osv.
  •  Flasker i plast for drikkevarer (panteflasker bør leveres til butikk)
  • Yogurt- og rømmebeger mv.
  • Brett for ferske og frosne matvarer
  • Brett og pakninger i hard plastemballasje.
  • Blomsterpotter og -brett


I innsamlingsordninga vil vi ha rein og tørr plastemballasje. Det meste av emballasjen er rein når den er tom. Skitten plastemballasje skyljast i kaldt vann og kan reingjerast med oppvaskbørsten. Her gjelder det å bruke sunn fornuft: er det for krevjande å reingjere emballasjen ordentlig, så gjør den betre nytte i restavfallet. Dersom du nyttar varmt vatn er miljøvinsten tapt.

Her finn du meir om returplast:

Farleg avfall

Det meste av normalt farleg avfall – maling – lim – lakk kan hushaldningane levere på gjenvinningsstasjonane. Nokre spesielle komponentar må til hovudanlegget på Einestølen; til dømes asbestplater. Ta kontakt for transportløysing dersom du ikkje kan transportere sjølv.

Ein gang i året vert det også køyrt ei innsamlingsrunde for å samle inn farleg avfall. For meir om dette sjå Farleg avfall - innsamlingsrunde

Anna avfall

Alt anna avfall skal leverast til ein av våre gjenvinningsstasjonar eller til eit returpunkt.

For gjenvinningsstasjonar og returpunkt trykk her.