Tøming kloakkslam / septiktankar

Planlagde tømingar skal varslast ved «lapp», e-post eller SMS frå slamtømar minimum 14 dagar før tøming. Når du får tømevarsel må tanken klargjerast. Dersom slamentreprenøren ikkje får tømt grunna manglande tilkomst eller klargjering, vert tøming rekna som utført. Ny tilkjøring vert rekna som ekstratøming og er dyrt! Kommunane får opplysning frå SUM om feil på anlegga, abonnenten er ansvarleg for retting.

Trykk her for å finne når tanken din sist vart tømt og når neste tøming er planlagt.

 

EKSTRATØMING /NAUDTØMING SEPTIKTANKAR /SLAMAVSKILLARAR:

Miljøservice AS, kommunane Jølster, Førde, Naustdal, Askvoll: Tlf. 57 87 46 66 – mob. 908 75 111.

Johny Birkeland Transport AS, kommunane Gaular, Fjaler, Hyllestad: Tlf. 57 78 11 70 – mob. 970 10 092.

Tvungen slamtøming gjeld for alle eigedommar som har slamavskiljar eller tett tank. Ingen har rett til unntak frå tømeordninga. Normaltøming annakvart år på bustader, og fjerdekvart år på hytter. Tette tankar kvart år. Minirenseanlegg tømast slik løyvet klargjer.

Tømmeplan for 2016

Hyllestad: februar - mai

Gaular: mai - september

Fjarler: september - november

Jølster: mars - mai

Kommunen fastset tømmefrekvens. For komplett prisoversikt sjå renovasjonforskrifta.