Returkartonglotteriet

Alle kan delta og vinne i lotteriet - privatpersonar eller organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag etc. Årleg delast det ut premie for til saman 1,6 millionar kroner. Dette er fordelt på 120 premier á kr. 10.000 og 4 premier á kr. 100.000.

For å delta må du skylle, brette og stappe minst seks drikkekartongar i ein sjuande til ein kubbe. Korkar og lokk kan henge utanfor. Deltagar skriv på tydelig namn og telefonnummer på den de ønsker skal vinne.

Skulemjølkkartongar og små juicekartongar er også ein del av Returkartonglotteriet og det er mange skular som vinn. For skulemjølkkartongar/små juicekartongar gjelder fire kartongar oppi den femte. Korkar og lokk kan godt henge utanfor.

Så må kubben leggast i papirdunken, som har blått lokk.

For meir informasjon; sjå her.