Vi tilbyr samarbeidsavtale til aktørar som driv med ombruk, typisk gjenbruksbutikkar og loppemarknadar. Dette er ei prøveordning ut 2018. Formålet er å stimulere til avfallsreduksjon og ombruk av hushaldingsartiklar frå innbyggarane i SUM-kommunane. Aktørar som ønskjer slikt samarbeid må inngå avtale med SUM. Dei må også registrere kva dei tek imot og sende inn liste til SUM. Dei vil då kunne levere vederlagsfritt til SUM det dei har tatt inn, men som er øydelagt eller av andre orsakar ikkje kan omsettast. Dei som inngår avtale med oss vil få ein lite omtale på vår heimeside med litt info om verksemda, kva dei tar imot, kvar dei er, opningstider og eventuell anna nyttig informasjon.

Samarbeidsavtale kan du laste ned her.