Sunnfjord Miljøverk IKS

SUM er skipa av kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gaular, Førde, Naustdal og Jølster i medhald av LOV 1999-01-29 nr 06: Lov om interkommunale selskap.

Formål:

l. Innsamling og transport av alle avfallstypar etter nærare avtale med kommunane.

2. Bygging og drift av behandlingsanlegg for restavfall etter gjenvinning.

3. Selskapet skal bygge og drive innsamlingssystem, mottak gjenvinningsanlegg, mellomlagring og vidaresending av spesialavfall og avfall som kan gjenvinnast Selskapet kan søkje samarbeid med andre kommunar, regionar og selskap der dette er naturleg.

4. Selskapet kan delta i, - til dømes ved aksjekjøp - og / eller opprette sjølvstendige selskap - til dømes aksjeselskap - som skal ivareta spesielle oppgåver som har samanheng med drifta.

5. Selskapet skal leggje særleg vekt på miljøvenlege drift i alle ledd i avfallsbehandlinga og reduksjon av avfallsmengda. Selskapet skal gje pålegg/råd i spørsmål som gjeld renovasjon, og i nært samarbeid med kommunane informere publikum og næringsdrivande om drifta av selskapet. Selskapet skal i informasjonsarbeidet leggje vekt på å gje auka kunnskap og forståing for miljøvenlege behandlingsmetodar.