Farleg avfall

Farleg avfall er avfall som ikkje skal handsamast saman med det ordinære avfallet, fordi det inneheld miljøgifter (helse- og miljøfarlege stoff) og kan medføre alvorleg ureining eller fare for skade på menneske eller dyr.

Gjenvinningsstasjonane har løyve til mellomlagring av avgrensa mengder farleg avfall. Næringskundar har deklarasjonsplikt. Det er forbode å kvitta seg med farleg avfall på andre måtar enn å levera det til godkjent mottak.

Farleg avfall er til dømes:

  • Spillolje

  • Maling, lim, lakk

  • Sprayboksar

  • Løysemiddel, frostvæske og kjølevøske

  • Vaskemiddel

  • Batteri

  • Syrer og basar

  • Plantevernmiddel

  • PCB

  • Asbest og eternitt