Farleg avfall - henterunde

På runda vert farleg avfall frå abonnentar teke med. I tillegg kan næringsdrivande som har høve til å møte opp langs ruta levere farleg avfall til hentebilen mot betaling. Då skal leveransane vere melde inn
til SUM v/driftsleiar Kjell Bu minst 2 dagar på førehand, tlf. 90 50 25 89 eller e-post kjell.bu@sum.sf.no 

Døme på avfall som ikkje kan leverast på bilen på henterunda:

Blanda avfall/restavfall, Treverk, Plast, Flasker, Metall, Drikkekartong, Hageavfall, EE-avfall (elektrisk), Kuldemøblar. Eksplosivar, Sterkt reaktive stoff, Smittefarleg avfall, Biologisk
avfall, Radioaktivt stoff, Stikkande / skjærande avfall (sprøyter mv). Det vert kravd at den som skal levere, personleg møter fram og leverer til operatøren på bilen. Hugs at det du leverer skal vere
merka. Dersom du ikkje har originalemballasje: Bruk tusj og skriv kva innhaldet er.

Døme på farleg avfall som kan leverast på henterunda:

Spillolje, Oljefilter, Løysemiddel, Maling, Sprayboksar, Kvikksølv, Oppladbare batteri, Plantevern, Herdar, Syrer, Basar, Vaskemiddel,
Tjære, Styren, Bilbatteri. Ved innmelding av CCA-impregnert treverk og PCB-vindauge, og ved større mengder der det krevst ekstra køyring, må det avtalast henting seinare.

Henterunda blir køyrd i mai/juni kvart år. 

Rute henterunde 2017

Rute henterunde 2016

Rute henterunde 2015

Rute henterunde 2014

Rute henterunde 2013