Sunnfjord Miljøverk Iks

              Tilsette              Nyttige telefonnr        Selskapsavtale        

 Om

Sunnfjord Miljøverk Iks

SUM er skipa av kommunane Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Gaular, Førde, Naustdal og Jølster i medhald av LOV 1999-01-29 nr 06: Lov om interkommunale selskap. Selskapet skal drive avfallshandtering på vegner av kommunane.

Selskapet eig og driv gjenvinningsstasjonar, glasmottak og spesialavfallsmottak i alle kommunane, og eig også alle avfallsbehaldarane (dunkane) som er plassert hos abonnentane for innsamling av avfall.SUM eig Hesjedalen avfallsplass på Einestølen, sjå skilt AVFALLSPLASS under skiltet som viser KLOPSTAD. Du tek av frå riksvegen om lag midt mellom Førde og Naustdal.

rå gjenvinningsstasjonar m.m.

SUM har kontrakt med SAR i Florø om tøming av gjenvinningsstasjonane, glasmottaka og mottaka for farleg avfall.

Myndigheitene sine krav etter Forureiningslova.

Krav til kjeldesortering og gjenvinning i SUM-kommunane. Kven er desse krava retta mot?

Etter Forureiningslova § 30 skal alle som har eigedom i SUM-kommunane delta i renovasjonsordninga. Berre i særlege høve vert det gjeve fritak, jamfør gebyrforskrifta.Det er ikkje høve til å gje fritak basert på sosiale tilhøve (sjukdom, alder, økonomisk stode m.m.). Folk som får vanskar med avfallsordningane på grunn av sosiale tilhøve, må vende seg til støtteapparatet i sin eigen kommune for å få råd og hjelp.Myndigheitene krev at avfallet frå alle i SUM-kommunane skal sorterast slik at mest mogleg kan gjenvinnast