kommunalt avfall og slam

Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 har Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad, Jølster, Naustdal og Førde kommune tildelt einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS for tømming og mottak av slam frå kommunale slamavskiljarar, mottak av slam frå kommunale reinseanlegg og innsamling, mottak og behandling av avfall frå kommunale verksemder/institusjonar.

Vedtak om einerettstildeling blei fatta av kommunestyret i dei respektive kommunane som vist i tabellen under.

Kommune Saksnummer Dato

Askvoll 042/19 18.9.2019

Fjaler 106/19 30.9.2019

Gaular 061/19 26.9.2019

Hyllestad

Jølster 064/19 26.9.2019

Naustdal 19/050 26.9.2019

Førde 053/19 26.9.2019

Vedtaka har følgjande ordlyd:

1. Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 tildeler Jølster kommune med dette einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) for tømming og mottak av slam frå kommunale slamavskiljarar, mottak av slam frå kommunale reinseanlegg og innsamling, mottak og behandling av avfall frå kommunale verksemder/institusjonar.

2. Den tildelte eineretten kan delegerast vidare av SUM til selskap som oppfyller vilkåra for å vere offentlegrettslege organ, jf. anskaffelsesforskrifta § 1-2 (2).

Link til vedtaka:

Askvoll kommune

Fjaler kommune

Gaular kommune

Hyllestad kommune

Jølster kommune

Naustdal kommune

Førde kommune