hushaldningsavfall og kloakkslam

Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 har Askvoll, Fjaler, Gaular, Hyllestad, Jølster, Naustdal og Førde kommune tildelt einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 29 tredje ledd og § 30 med underliggande forskrifter.

Vedtak om einerettstildeling blei fatta av formannsskapet i dei respektive kommunane som vist i tabellen under.

Kommune Saksnummer Dato

Askvoll For -140/19 27.8.2019

Fjaler For-061/19 26.8.2019

Gaular For 121/19 22.8.2019

Hyllestad For-19/069 27.8.2019

Jølster For-067/19 29.8.2019

Naustdal For-19/067 22.8.2019

Førde For-043/19 29.8.2019

Vedtaka har følgjande ordlyd:

1. Med heimel i anskaffelsesforskrifta § 2-3 tildeler […] kommune med dette einerett til Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) for utføring av kommunen sine lovpålagte oppgåver med grunnlag i ureiningslova § 29 tredje ledd og § 30 med underliggande forskrifter.

2. Den tildelte eineretten kan delegerast vidare av SUM til selskap som oppfyller vilkåra for å vere offentlegrettslege organ, jf. anskaffelsesforskrifta § 1-2 (2).

3. Vedtaket er gjort av formannskapet med heimel i kommunelova § 13 Utvida mynde i hastesaker.

Link til vedtaka:

Askvoll kommune

Fjaler kommune

Gaular kommune

Hyllestad kommune

Jølster kommune

Naustdal kommune

Førde kommune