Dunk hushaldning:

Dersom dunken din ikkje er tømt eller du har tilbakemelding til sjåføren av renovasjonsbilen kan du kontakte RenoNorden.

Dersom du ønskjer å endre størrelsen på dunken din eller har andre spørsmål rundt abonnementet ditt ta kontakt med kommunen du bur i.

Husk at dunken må vere reingjort ved innlevering.

Kommunane har ulike rutiner når det gjeld tal terminar på fakturering. 

Når du har betalt gebyret, har du rett på mellom anna dette:

• 52 tømingar årleg av restavfallsdunken – 12 tømingar årleg av papirdunken.
• Levering av lausøyre frå bustaden ved gjenvinningsstasjonane utan ekstra betaling.
• Levering farleg avfall på gjenvinningsstasjonane + årleg grendarute.
• Bruk av returpunkta / emballasjeglasmottaka.

UTLEIGE: PLIKT TIL Å HA FLEIRE ABONNEMENT

SUM oppdagar frå tid til anna nokre som ikkje oppgir utleige; Når slikt vert registrert må vedkommande rekne med å betale for fleire tidlegare år! Alle som leiger ut hus / leilegheiter eller hyblar skal ha meir enn 1 abonnement. I Gebyrforskrifta er dette fastlagt slik: C Redusert bustadsgebyr, definisjonar / presiseringar
Minimumsgebyret pr. husstand, jamfør punkt A og punkt B, uansett kombinasjon vert fastsett til «redusert bustadgebyr» kr. 1.156,- eks. mva. Det er ikkje høve til kombinasjonsvurdering mellom gebyra for fritidshus og vanleg bustad. 1 husstand er sjølvstendige husvære med kjøken og toalett = 1 gebyrpliktig eining. 1 hybelleilegheit er 1 sjølvstendig husvære = 1 gebyrpliktig eining. Inntil 3 hyblar med felles kjøkken og toalett = 1 gebyrpliktig eining. 4 hyblar gjev dermed 2 gebyrpliktige einingar.

For meir informasjon sjå renovasjonsforskrifta.