Deponi

Krav om basiskarakterisering og mottakskontroll

Den som har gjeve opphav til avfallet (avfallsprodusent) har ansvaret for at dette vert basiskaraktrisert. Alt avfall skal basiskarakteriserat. Føremålet med basiskarakterisering, verifikasjon og mottakskontroll er å bidra til at følgjande er kjent før deponering:

  • Samansetjing
  • Utlekningspotensial
  • miljøverknader
  • andre eigenskapar som har noko å sei for deponiet, både på kort og lang sikt

Nærare krav går fram  av avfallsforskrifta §9-11

Den driftansvarlige ved deponiet avgjer om avfallet kan deponersat ved deponiet på bakgrunn av dokumentasjon frå avfallsprodusenten og informasjon som den driftsansvarlige sjølv innhentar gjennom mottakskontroll av avfallet.

Mottakskontroll består av visuell kontroll av kvart lass, i tilegg til stikkprøvar av enkelt leveransar.

Avfall som ikkje oppfyller kriteria for mottak ved deponiet skal avvisast og meldast til fylkesmannen. Avfallet kan takast i mot til forbehandling/sortering på anna stad ved avfallsmottaket.

Basiskarakteriseringsskjema kan du laste ned her

Følegskjema for blåsesand

Følgeskjema for oljehaldig avfall, sandfang, etc.

Følgeskjema for betongavfall