Strandrydding

Strandrydding – vinn fine premiar

Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane og SUM oppmodar alle skular, barnehagar, lag og organisasjonar til å arrangere strandrydding og bli med i Kystlotteriet i veke 18. Den nasjonale strandryddedagen er i år laurdag 5. mai.

Men de kan sjølvsagt rydde andre veker også. Særleg ved kysten er det fint å rydde før fuglane startar hekkinga.

Naturvernforbundet deler ut både lokale, regionale og nasjonale premiar, opplevingar til alle (både lag og enkeltpersonar) og pengepremiar til grupper, til dømes klassar som samlar pengar til klassetur.

Sjå heimesida til Sunnfjord Miljøverk (SUM) for informasjon kor hen de kan hente sekkar og lodd, og kor de kan levere avfallet etterpå:

http://www.sum.sf.no/strandrydding/

Naturvernforbundet skal ha trekkingar med jamne mellomrom gjennom heile året, både i kvart miljøverkområde og samla for fylket. Til slutt går alle lodda til den nasjonale trekkinga før jul, med mange store premiar.