Stillingsutlysing: Dagleg leiar - Sunnfjord Miljøverk, SUM.

2. gangs utlysing - styret ønskjer breiare grunnlag               

SUM er det interkommunale avfallsselskapet som tek hand om hushaldningsavfall for 29 000 innbyggjarar i kommunane Askvoll, Fjaler, Førde, Gaular, Hyllestad, Jølster og Naustdal.

Vi omset årleg for kring 45 millionar kroner og har 9 fast tilsette, pluss vikarar. Hovudanlegget med kontor, gjenvinningsstasjon og deponi ligg på Einestølen / i Hesjedalen i Førde kommune. Selskapet gjenvinningsstasjonar som dekker alle kommunane og tek i mot avfall frå næringslivet.

Vår daglege leiar skal slutte etter fylte 65 år, og vi søkjer ny dagleg leiar.

Dagleg leiar skal gi styret innspel og er styrets sekretærer.  Dagleg leiar er ansvarleg for drifta og utviklinga av selskapet i tråd med styrevedtaka og offentlege krav. Dagleg leiar er ansvarleg for god publikumskontakt og må ha gode kommunikasjonsevner.

Avfallsbransjen er inne i ei spennande teknologisk utvikling med fokus på gjenvinning og avfallsminimering. Sunnfjord Miljøverk ønskjer å vere offensive i høve dei endringane som må skje, middelet er mellom anna godt samarbeid og gode nettverk i heile den norske avfallbransjen.

Vi søkjer etter ein framtidsretta dagleg leiar som trivst med mykje ansvar. Det gjeld både administrative oppgåver, fagleg utviklingsarbeid, dialog med eksterne samarbeidspartnarar og oppfølging av eigarkommunane.

Dagleg leiar bør ha relevant høgare utdanning, men lang erfaring kan kompensere for manglande utdanning. Relevandt og gjerne teknisk leiarerfaring blir vektlagt. Du treng god munnleg og skrifteleg formuleringsevne. Vi ønskjer ein resultatorientert og allsidig dagleg leiar.

Arbeidsstad er Einestølen i Førde kommune, der hovudanlegget ligg. Vi tilbyr ryddige og gode arbeidsvilkår, løn etter avtale.

Ring dagleg leiar Håkon Grepstad, mobil 90544754, eller styreleiar Henrik Lunde, mobil 95115444, dersom du har spørsmål. All kontakt før formell søknad, blir behandla konfidensielt.

Motteken søknad vert behandla etter reglane i Offentleglova. Eventuelt ønskje om u.off behandling må nemnast i tilknyting til søknad, og SUM vil ta stilling til slikt ønskje. Evt. avslag vil gi søkjaren rett til å trekke søknaden før offentleggjering av namn.   

Søknad og CV kan du sende til haakon.grepstad@sum.sf.no.

Søknadsfrist 8. april 2016