Asbesthaldig materiale

SUM ber alle vere særskilt merksame på at asbesthaldig materiale skal behandlast varsamt for å redusere helsefare.

Bruk Arbeidstilsynets faktaside; http://www.arbeidstilsynet.no/fakta.html?tid=78164/

  •  Konstruksjonar med eternitt- eller andre asbestplater må handterast slik Arbeidstilsynets regelverk krev
  • Asbesten skal leverast til lovleg mottak med særskilt løyve, til dømes til Sunnfjord Miljøverk
  •  Det er ulovleg å grave ned asbest på eigen eller annanmanns grunn
  • Ta kontakt med kommunen eller SUM for å få råd
  • Kommunen og Arbeidstilsynet kan gi pålegg

Alt hushaldningsavfall frå betalande abonnentar leverast gratis på gjenvinningsstasjonane

Endring i SUM: Alt hushaldningsavfall frå betalande abonnentar leverast gratis på gjenvinningsstasjonane


Styret i Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) har avgjort at selskapet skal ta i mot alt hushaldningsavfall utan ekstra betaling. I dette ligg at gebyret den enkelte betalar til eigen kommune dekker kostnaden. Ordninga er gjort mogleg med bakrunn i SUMs økonomi.


Hittil har alt «laust» inventar frå huset kunne leverast utan ekstra betaling.
No kan den betalande abonnenten også levere treverk etter sitt eige ombyggingsarbeid (= sjølvgjort) utan ekstra betaling. Det same vil gjelde for til dømes kloparafinvindauge, asbesttak og cca-impregnert treverk; Ingen ekstra betaling når abonnenten ved levering kan godtgjere et avfallet kjem frå bustad i SUM-kommune der abonnenten betalar renovasjonsgebyr.


Næringsavfall kan i mindre omfang også leverast på stasjonane, hovudanlegget på Einestølen kan ta større mengder. Her gjeld betalingsordningane som før.


Etter denne avgjersla går SUM mot straumen.
Det har vorte vanleg i andre selskap å ta betalt også frå hushaldningsabonnentar ved levering på gjenvinningsstasjonane.