Alt hushaldningsavfall frå betalande abonnentar leverast gratis på gjenvinningsstasjonane

Endring i SUM: Alt hushaldningsavfall frå betalande abonnentar leverast gratis på gjenvinningsstasjonane


Styret i Sunnfjord Miljøverk IKS (SUM) har avgjort at selskapet skal ta i mot alt hushaldningsavfall utan ekstra betaling. I dette ligg at gebyret den enkelte betalar til eigen kommune dekker kostnaden. Ordninga er gjort mogleg med bakrunn i SUMs økonomi.


Hittil har alt «laust» inventar frå huset kunne leverast utan ekstra betaling.
No kan den betalande abonnenten også levere treverk etter sitt eige ombyggingsarbeid (= sjølvgjort) utan ekstra betaling. Det same vil gjelde for til dømes kloparafinvindauge, asbesttak og cca-impregnert treverk; Ingen ekstra betaling når abonnenten ved levering kan godtgjere et avfallet kjem frå bustad i SUM-kommune der abonnenten betalar renovasjonsgebyr.


Næringsavfall kan i mindre omfang også leverast på stasjonane, hovudanlegget på Einestølen kan ta større mengder. Her gjeld betalingsordningane som før.


Etter denne avgjersla går SUM mot straumen.
Det har vorte vanleg i andre selskap å ta betalt også frå hushaldningsabonnentar ved levering på gjenvinningsstasjonane.